Facebook| Twitter Skriv ut

Studietur 18.-21. juni, England. Sider-og jus produksjon


Dato: 18 juni 2015 - 21 juni 2015
Arrangør: Kompetansenavet Vest, Hardanger Siderprodusentlag og Føregangsfylke økologisk frukt og bær. Eivind Vangdal (Bioforsk Ullensvang) er turleiar.
Målgruppe: Produsentar av sider og jus – som dyrkar og nyttar økologisk eller konvensjonell frukt
Merknad: Prisar: omlag 4.400 kr pr person i dobbeltrom / 5.300 kr i enkeltrom. Det omfattar: transport i Kent, 3 overnattingar med frukost, 3 lunsjar og 2 middagar. Inngangsbillettar, betaling for omvising m.m. Det omfattar ikkje reise til/frå London Gatwick Airport og mat på torsdagen. Deltakarane må sjølve bestille flybillett t/r Norge - London
Sted: Kent, området rundt Canterbury sør-aust for London

Bli med på ein studietur til Kent, England. I dette området er det lang tradisjon for fruktdyrking og produksjon av drikkevarer basert på frukt. Studieturen er tilrettelagt for deg som vil vidareutvikle produksjonen din og finjustera sortsval og kvalitet. Møt fagfolk og produsentar som vil gje deg dei beste tipsa for:

  • Korleis ulike eplesortar gjev god smak og karakter på drikkevarene dine. Røynsler med typiske friskkonsumsortar som råvare til drikkevare og sider. Smakstilsetjing med andre frukter, bær, urter og krydder
  • Erfaringar med ulik typar produksjonsutstyr
  • Kvalitetskrav og sikring av kvalitet på drikkevarene
  • Produktutvikling og marknadsarbeid – stikkord: økologisk, lokalprodusert

Deltakarane må sjølve bestille flybillettar t/r Noreg - London. Felles tinging av overnatting, transport i England, lunsj og middagar. Oppmøte Gatwick flyplass om kvelden torsdag 18. juni, retur ettermiddag/kveld 21. juni. Turleiar er Eivind Vangdal (Bioforsk Ullensvang).

PROGRAM:

Torsdag 18. juni - reisedag. Me kjem til London Gatwick Airport om kvelden. Overnatting nær Gillingham.

Fredag 19. juni - Vitjing på Brogsdale nasjonale fruktsamling, informasjon om fruktdyrkinga og jus og siderproduksjonen i området (fruktrådgjevar frå FAST og forskar frå National Resource Institute). Produsentbesøk om ettermiddagen med ulike produksjonsopplegg. Felles middag om kvelden i Canterbury. Overnatting i Canterbury.

Laurdag 20. juni – Torg og fruktutsal i Canterbury. Produkttypar til ulike marknader. Produsentbesøk om ettermiddagen. Felles middag om kvelden. Overnatting i Canterbury.


Sundag 21. juni – Me vitjar populære reisemål i distriktet før me avsluttar med gardsbesøk og oppsummering på vegen tilbake til London Gatwick. Planlegg avreise etter kl 17.

Detaljert program er ikkje klart, men det er korte avstandar i området og kvar me reiser fyrst og sist er ikkje endeleg bestemt.

Sjå http://www.visitkent.co.uk/pdfs/apple_source_2009.pdf, og søk informasjon om m.a. Nichol farm, Biddenden cider farm and vine yards, Duskin farm og Perryhill orchards (som er siste stopp før heimreise). 

PRAKTISKE OPPLYSINGAR
Deltakarane må sjølve bestille flybillettar t/r Noreg - London.  Oppmøte Gatwick flyplass om kvelden torsdag 18. juni.

Prisar: omlag 4.400 kr pr person i dobbeltrom/ 5.300 kr på enkeltrom + reise t/r Norge-London Det omfattar: transport i Kent, 3 overnattingar med frukost, 3 lunsjar og 2 middagar. Inngangsbillettar, betaling for omvising m.m. Prisane omfattar ikkje reise til/frå London Gatwick Airport og mat på torsdagen.

Medlemmar av Hardanger Siderprodusentlag, øko-produsentar og etablerte drikkevareprodusentar på Vestlandet (Kompetansenavet) vil bli prioriterte og få turen til redusert pris (2000 kroner i fråtrekk på prisantydning over). 

PÅMELDINGSSKJEMA FOR STUDIETUREN.

Påmeldingsfrist 1. juni

Ved spørsmål om programmet for studieturen kontakt Eivind Vangdal , eivind.vangdal@bioforsk.no. Har du spørsmål kring påmelding kontakt Frøydis Lindén (fmhofli@fylkesmannen.no). Kontaktperson frå Hardanger Siderprodusentlag er Asbjørn Børsheim. 

Med venleg helsing

Kompetansenavet Vest
Hardanger Siderprodusentlag 
Føregangsfylke økologisk frukt og bær