Facebook| Twitter Skriv ut

Studietur - Økologisk frukt frå aust til vest


Dato: 14 juli 2017 - 16 august 2017
Arrangør: Føregangsfylke økologisk frukt og bær i samarbeid med Norsk landbruksrådgiving. Kontaktpersonar: Frøydis Linden, fmhofli@fylkesmannen.no tlf: 90552194, Sigrid Mogan i NLR: sigrid.mogan@nlr.no
Målgruppe: Frukdyrkarar som driv eller ynskjer å starte med fruktproduksjon til konsum. Fokus: tettplantingar og større plantingar.
Merknad: Kr 1000,- per døgn inkl. busstransport, kost og losji, tillegg kr 200,- for enkeltrom. Dagpakke dersom du ikkje overnattar: kr 200,- , tillegg kr 300,- dersom du deltek på middagen på kvelden. Fakturering i etterkant av studieturen.
Sted: Oppmøte Oslo S eller Moss måndg 14. august - sjå program. Avslutning 15. august på kvelden, men dersom nokon vil ta ettermiddagstoget frå Voss tilbake til Austlandet, vil me legge tilrette for det.
Dokumenter:

PROGRAM

Er du interessert i, eller driv med økologisk fruktdyrking? Ta deg fri i midten av august og bli med på heile eller delar av studieturen, kor du vil sjå moderne økologiske fruktfelt og høyre erfaringar frå dyrkarane. På turen får me besøk frå Austerrike, frå tre fruktdyrkarar som har økologisk epleproduksjon, som kan bidra til gode faglege diskusjonar. Du kan bli med ein, to eller tre dagar - påmeldingsfrist 5. august. 

Spesialtema 16. august: Dei som vil kan også bli med på en fagdag om bruk av sprinklaranlegg i skurv-sesongen, gjennom testing av eit demo-anlegg på Njøs Næringsutvikling i Leikanger. Sprinklaranlegget er ikkje ferdig utvikla, og ikkje klar for å bli tatt i bruk blant dyrkarar enno.

Fruktdyrkarane frå Austerrike vil presentera sin produksjon på NIBIO Lofthus på tysdag 15. august. Nokre av dei vil også vera med som rettleiarar under fagdagen på Njøs, når sprinklaranlegget der skal testast ut. 

Me kjøyrer samla i buss, men det er mogleg å delta på turen i privatbil også og ev. avslutte turen tidlegare med å ta tog tilbake frå Voss - sjå programmet for detaljar. Det vil ikkje bli gitt refusjon for reiseutgifter til køyring av eigen bil eller offentlig transport under/til/frå studieturen. 

MÅNDAG 14. AUGUST

08:30 - Avreise Oslo til Moss. Oppmøte på sjøsida av Oslo S, mot Operaen, der kor taxiane er. Me kjører ein 9-seter minibuss, grå farge. Noter telefonnummeret til Frøydis Linden, slik at de kan ta kontakt undervegs: 90552194. 

09:30 - Dyre gård v/Hans Olav Bjerketvedt, stor økologisk eple (149 daa)-og jusproduksjon, Dyreveien 151, 1525 Moss, www.dyregaard.no . 

11:00 - avreise til Telemark (via Drammen og Kongsberg). Lunsj i bussen.

14:00 - Ole Christoffer Røste, Hagenvegen 27, 3683 Notodden, fersk fruktdyrkar med nyplanta øko-fruktareal i 2017 (5 daa, vil auke til 20 daa).

15:30 - Tone Ness, Nesoddvegen 112, 3810 Gvarv, etablert fruktdyrkar med økologisk eple-og plommeproduksjon (66 daa eple og 16 daa plomme). Sel også jus frå eigen gard.

17:00 - avreise. Overnatting og middag på Haukeliseter.

TYSDAG 15. AUGUST

08:00 avreise Haukeliseter

10:00 - Lars J. Nå, etablert fruktdyrkar på Nå med 22 daa plommer og 2 daa epler. Nå Store, 5776 NÅ

13:00 - NIBIO - Lofthus - introduksjon til øko-aktivitetane på NIBIO Lofthus og markvandring i det økologiske forsøksfeltet. Deltakarane frå Austerrike fortel om korleis dei driv sin produksjon. Oversetting med hjelp av rådgjevar Kristin Kvamm-Lichtenfeld.

Lunsj under presentasjonane.

16:00 - avreise til Ulvik. Ev. til Voss stasjon for dei som må rekke toget tilbake. Avgang Voss kl. 17:45

17:00 - Rolf Tore Djønne, i Ulvik, frukdyrkar med 26 daa eple og 3 daa plomme. Produserar eplejus til innfrysing, og øl for sal. Middag på låven etter omvisinga på garden.

Overnatting på Hardanger gjestehus i Ulvik

ONSDAG 16. AUGUST

07:45 - avreise Ulvik. Ev. avgang frå Voss er 09:08. 

11:00 - Njøs Næringsutvikling, Lunsj

12:00 - omvisning og uttesting av sprinklaranlegget på Njøs Næringsutvikling og øko-feltet dei driftar (5 daa). Les meir om sprinklarprosjektet her....

15:00 - avreise til Oslo med buss - ankomst Oslo før midnatt. Fly frå Sogndal går 18:25 eller 20:50. Ev. buss frå Sogndal til Oslo kl 14:30, ankomst Oslo 20:50. 

PÅMELDING

FRIST 5. AUGUST PGA BESTILLING AV OVERNATTING, MAT OG BUSSTRANSPORT.

PRIS: Kr 1000,- per døgn inkl. busstransport, kost og losji, tillegg kr 200,- for enkeltrom. Dagpakke dersom du ikkje overnattar: kr 200,- , tillegg kr 300,- dersom du deltek på middagen på kvelden.  Fakturering i etterkant av studieturen.