Facebook| Twitter Skriv ut

Studietur økologisk frukt - frå vest til aust


Dato: 12 august 2015 - 13 august 2015
Arrangør: Norsk Landbruksrådgiving og Føregangsfylke økologisk frukt og bær
Målgruppe: Fruktprodusentar - økologiske og konvensjonelle
Merknad: Klyngeprosjektet i NLR/Føregangsfylke økologisk frukt og bær sponsar turen, men deltakarane må rekne med å betale reisekostnadene (samkøyring) og delar av overnattinga sjølve. Påmelding innan 1. august.
Sted: Gardsbesøk hjå økologiske fruktdyrarar i Hardanger, Telemark og Østfold

Studietur for økologiske og konvensjonelle fruktprodusentar for å la seg inspirere og auke kunnskapen sin. Deltakarane vil møte etablerte økologiske fruktdyrkarar i ulike fruktdistrikt i Noreg. 

Program:

12. august

11:00: Besøk på den økologiske fruktgarden til Lars Nå, Nå i Hardanger.

Enkel lunsj.

17:00: Besøk til Tone Ness, etablert økologisk fruktprodusent i Gvarv, Telemark. Jan Meland, Frukt i Fokus, fortel om satsing på økologisk fruktproduksjon i Telemark.

Grilling og overnatting i hytter på Nordsjø Ferieland.

13. august

10:00-14:00 - Markdag og fagdag på Dyregård, Østfold. Markvandring i felta til Hans Olav Bjerketvedt. Omvising i presseriet til Dyregård. Innlegg frå NIBIO, Gartnerhallen, NLR og truleg Bama. Det vert servert lunsj.

14:00 - Tillbake til Telemark og Vestlandet

Påmeldingsfrist:  1. august

PÅMELDINGSSKJEMA: