Facebook | Twitter Skriv ut

Økologisk frukt og bær

Målsetjinga til Føregangsfylkeprosjektet for økologisk frukt og bær er å auke konsumproduksjonen av økologisk frukt og bær til 15 prosent av norsk produksjon. Saman med marknadsaktørar vil prosjektet legge til rette for å auke forbruket av norsk økologisk frukt og bær til 15 prosent.

Forbrukarane vil ha meir økologisk frukt og bær

Forbrukarane endrar kjøpevanar. Landbruksdirektoratet melde i vår at salet av økologisk frukt, bær og grønt auka med heile 40-45 % kvart år dei siste to åra. Stortingsmålet om 15 % økologisk produksjon innan 2020 må realiserast for å stette den aukande etterspurnaden.

Det er denne målsetjinga Føregangsfylke for økologisk frukt og bær arbeider for å nå. I 2015 er litt over 5,3% av frukt-og bærareala i Noreg økologiske, og forbruket av økologisk frukt og bær rundt 1 %. Prosjektet arbeider tålmodig for å nå måla i prosjektet.

Produksjonsauke fram til 2014
Det har vore ei jamn auke i produksjonen av økologisk frukt til daglegvarehandelen, med om lag 120 tonn økologiske eple via fruktlagra hausten 2014. Den økologiske plommeproduksjonen er også aukande. Av dei andre fruktslag er det veldig liten økologisk produksjon. På lik linje med den konvensjonelle fruktproduksjonen har avlingane i 2015 vore svært dårlege.

Den økologiske bærproduksjonen har stort sett vorte seld gjennom gardsutsal, svært lite er omsett gjennom grossist. Bær er ei ferskvare som treng rask levering frå produsent til kunde, så logistikken må vere på plass. Prosjektet vil vektlegge arbeidet med økologiske bær i 2016. 

Samarbeid om utviklingsarbeidet
Føregangsfylkeprosjekt har som mål å koordinera og løyse flaskehalsar innan produksjon- og marknadsarbeidet med økologisk frukt og bær i Noreg. Føregangsfylke økologisk frukt og bær samarbeider tett med frukt- og bærrådgjevarane i Norsk Landbruksrådgjeving. I tillegg har NIBIO og Njøs Næringsutvikling vore viktige aktørar for å drive forsking- og utprøvingsarbeid, sikre betre kvalitet og meir effektiv økologisk frukt-og bærproduksjon. Næringstilførsel, ugraskontroll og ulike skadedyr har vore viktige fokus til no. 

Formidling til alle produsentar
Mange av flaskehalsane innan både økologisk frukt- og bærproduksjon er løyst. Målet har vore å få fleire til å dyrke økologisk frukt og bær og å få eksisterande dyrkarar til å legge om meir areal til økologisk drift. Informasjon om økologisk drift har vorte integrert på møte og fagsamlingar der både dei økologiske og dei konvensjonelle dyrkarane har vore samla.

I 2015 har NLR og Føregangsfylke økologisk frukt og bær samfinansiert fleire dyrkingsmanualar for frukt- og bærdyrking. Manualane skildrar dei siste erfaringane om den mest optimale produksjonsmåten for både økologisk og konvensjonell produksjon til konsum. Manualane skal publiserast på nett i januar 2016. Visningshagane og føregangsdyrkarane for økologisk frukt- og bærproduksjon vil kunne vise korleis manualane er sett ut i praksis. Det har vore viktig for prosjektet å formidle og normalisere økologiske metodar.

Styringsgruppa i Foregangsfylke økologisk frukt og bær

Medlemmar i styringsgruppa i Føregangsfylke økologisk frukt og bær prosjektet: Åse Vaag (FMHO,leiar), Jon Asbjørn Målsnes (Bondelaget), Lars J. Nå (Gartnarhallen), Øyvind Dagestad (Bama storkjøkken, Bergen), Jon Anders Stavang (FMSF), Sigrid Mogan (NLR), Jan Ove Nes (Norsk landbruksrådgiving Vest, NLR). Prosjektleiar: Frøydis Lindén (90%).

 

Formidlingskanalar

Hovudkanalen for å spreie resultata i Føregangsfylke økologisk frukt og bær har vore gjennom artiklar i «Norsk frukt og bær». Frå 2014 vart det etablert ei nettside som skulle spreie informasjon til samarbeidsaktørane i alle føregangsfylkeprosjekta. Føregangsfylke økologisk frukt og bær produserar kvar månad eit nyheitsbrev om dei viktigaste aktivitetane og resultata i prosjektet.

Inspirerer kvarandre
Føregangsfylkeprosjektet har arrangert fleire studieturar for fruktdyrkarane, både i Noreg og i Skandinavia og Europa for å sjå korleis økologisk fruktdyrking vert praktisert der. Studieturane har gitt verdifulle innspel for å løyse dei viktigaste flaskehalsane i produksjonen. Til dømes vert plantevern i økologisk dyrking i Noreg likare praksisen i dei andre skandinaviske landa. Alternativ til konvensjonelle plantevernmetodar har også motivert dei konvensjonelle dyrkarane til å bruke alternativ til dei konvensjonelle sprøytemidla. Mekanisk jordarbeiding for å halde ugraset vekk under frukttrea er til dømes no tilrådd for alle økologiske fruktdyrkarar med tettplantingar, og er også nytta av konvensjonelle dyrkarar.

Marknadskontakt er grunnleggande
Frå 2014 tok Føregangsfylkeprosjektet eit aktivt val om å ha hovudfokus på å auke produksjonen til konsum og for sal til grossistar. Kontakten til fruktlagra og grossistane dei har tettast samarbeid med har såleis vore veldig viktig for å få ei kvalitetssikra omsetjing og målretta auke av produksjonen. Bama har til dømes sett klåre måltal for kva dei ynskjer av økologisk frukt og bær i 2025. Prosjektet har arbeidd med skulefrukt, jobbfrukt og sjukehussektoren for å få omsett størrelsar av konsumkvalitet som ikkje daglegvarehandelen tek i mot. I 2014 vart det sett i gang eit prognoseprosjekt innan fruktlagra for å sikre at marknadsaktørane får betre oversikt over voluma dei kan vente seg av økologisk frukt og bær kvart år og i framtida.

Prosjektet kan bidra
Føregangsfylke økologisk frukt og bær sin prosjektleiar Frøydis Lindén, har god oversikt over kven som kan hjelpe produsentane med dei utfordringane dei har. Dei fangar også opp kva som er flaskehalsar og kan setje i gang tiltak for å løyse dei. Kontakt difor gjerne prosjektleiar dersom du har spørsmål:  Frøydis Lindén, fmhofli@fylkesmannen.no, mobil: 90552194.

 

Publisert: 24.04.2014 Sist endra: 02.05.2014