Facebook | Twitter Skriv ut

Prosjektplanar

Føregangsfylke økologisk frukt og bær starta i 2010, med ny søknad om forlenging av prosjketet frå 2014 til 2017. Årsrapportane for alle åra er her er gjort offentlege saman med prosjektsøknadene frå 2010 og 2014.

Prosjektperioden 2014-17
Føregangsfylke økologisk frukt og bær tok med denne søknaden sikt på ein ny 4-årsperiode med aktivitetar for å styrke produksjonen og omsetjinga av økologisk frukt og bær i heile landet. 15%-målet innen 2020 ligg fast, også etter regjeringsskiftet, og etter jordbruksforhandlingane i 2014 vart de opna for vidareføring av Føregangsfylkeprosjekta.  

Les meir om styrkinga av føregangsfylkeprosjekta og søknaden for perioden 2014-17 her...

Rapportar frå prosjektperioden 2010-14
Dei fyrste 4 åra i føregangsfylkeprosjektet gjekk føre seg i dei to fylka Sogn og Fjordane og Hordaland. Fylkesmannen i Hordaland hadde prosjektansvar og utvikla prosjekt saman med dei ulike samarbeidspartnarane i dei to fylka, med hovudvekt på forsking-og utviklingsmiljøa og dei ulike einingane i Norsk landbruksrådgiving.

Les meir om prosjektperioden og rapportane frå kvart år kan lastast ned her...

Publisert: 30.04.2014 Sist endra: 02.05.2014