Nyheiter

Levebrød av ni mål solbær

Ein treng ikkje ha store areal for å kunne leve av bærproduksjon. Helge Hvoslef dyrkar ni dekar med økologiske solbær på Nes på Hedmarken. Vidareforedling og sal direkte til kundane gjer at han har sikra seg heile verdikjeda. Maaemo og Slottet er blant mottakarane av "Fars" solbær.

Les mer

Bringebærkalkyle

NLR Vest har utarbeidd ei eksempelkalkyle for å drive økologisk bringebærproduksjon. Kalkylene føresett at ein produserar under haustetak og viser at ein bør få 50% meir for dei økologiske bæra sine, dersom ein oppnår 1100 kg per dekar.

Les mer

Kompost styrkar mikrolivet i jorda

- Det er sterkt vanedannande å lage kompost, hevdar Bjørge Madsen ved Skjærgården gartneri i Åsgårdstrand. Han er heilt hekta på kompostering og produserer store mengder til eige bruk. Fleire og fleire får no augene opp for å forbetre jorda si med gardsprodusert kvalitetskompost.

Les mer

Lukkast i Lier med økologisk ribesdyrking

Nøkkelen til økologisk bærdyrking er å vere mykje ute i hagen og oppdage skader tidleg, meiner Grzegorz Kedzior som er gardsstyrar på Østre Enger i Sylling. Han har ansvaret for at bærbuskar på 250 dekar produserer gode og innbydande solbær, stikkelsbær, bringebær og rips.

Les mer