Nyheiter

Nye dyrkingsmanualar er klare

Denne veka blir tre nye manualar for tettplanting i frukt lanserte, med forfattarar både frå NLR og NIBIO Ullensvang. Dyrkingsmanualane inneheld mykje ny informasjon og skildrar dei siste erfaringane om den mest optimale produksjonsmåten for både økologisk og konvensjonell produksjon til konsum. 

Les mer

Økologisk fruktdyrking er framtida

Rolf Tore Djønne skal inspirere andre bønder til å dyrke økologisk. Selv dyrker han økologiske epler og plommer.

Les mer

Sunne mellommåltid og miljø for framtida

Mat undervegs vert ein viktig kategori, og ein ser alt no eksempel på pakningar med spesialdyrka småeple i tubepakningar. Litt som Pringles som er kjekke å ha i handveska. Genredigerte eple som ikkje vert brune etter oppkutting, er alt på veg inn på marknaden fordi folk et meir frukt når dei får kjøpt det ferdig oppkutta.

Les mer

Rekrutterte nye øko-bønder i Hardanger

Daglegvarehandelen treng meir norskprodusert økologisk frukt frå alle fruktdistrikt og forbrukarane spør stadig etter meir økologiske varer. Målet var å gje dei  meir  økologisk kvalitetsfrukt etter rekrutteringsdagen i Kinsarvik, der produsentar møtte marknaden.

Les mer