Facebook| Twitter Skriv ut

Øko-fruktdyrkarar i hundre i Austerrike

Om lag 150 fruktdyrkarar som driv økologisk møtte opp på det årlege øko-fruktseminaret i Austerrike. Steiermark i Tyskland har dyrkingshøve som liknar litt på norske: dei har hellande jorder og vinterklima som liknar på norske tilhøve.  

Omlag halvparten av dyrkarane er midt i karensperioden, men fleire av dyrkarane hadde drive økologisk i 10-15 år. Dei hadde storstilt stimuleringsarbeid for om lag 10 år sidan, for å bygge nok produsentar og volum til å kunne dekke etterspørselen etter innanlandsk produksjon. No treng dei ikkje å stimulere til auke i produksjonen: For to år sidan bestemte nemleg EU seg for kutte alle subsidier til konvensjonelt landbruk, og berre gje støtte til miljøtiltak i fruktnæringa.

Bio-Obst Tage 14.-15 desember i Leibnitz, Steiermark i Austerrike, samla omlag 100 dyrkarar til faglig oppdatering.

Bio-Obst Tage 14.-15 desember i Leibnitz, Steiermark i Austerrike, samla omlag 100 dyrkarar til faglig oppdatering.

Foto: Frøydis Linden / FMHO

Stimulering gjennom meirpris og tilskot

Med sterk konkurranse frå Polen og andre land i Aust-Europa, har priskrigen på eple i Europa hardna til, og konvensjonelle fruktdyrkarar i EU har problem med å få endane til å møtast. Økologiske eple har dyrkarane derimot fått om lag dobbel pris for. Dei har óg ei rådgjeving og erfaringsbase blant øko-dyrkarane som gjer at dei klarer å takle dei største risikoområdene. Nye dyrkarar ser ei framtid i økologisk fruktproduksjon og kan takle omstillinga på garden.  

Produsentorganisasjonen Biobauern von Hertzen, dekker for lengst eigen marknad i Austerrike med økologisk frukt, og eksporterer i normalår mykje eple til nabolanda Sveits og Tyskland.  Dersom det ikkje held fram med å bli frost i bløminga kvart år framover, vil dei om 5 år ha over 30 000 tonn økologiske eple for sal.

Jordbiologi og biodiversitet i fokus

Dei to rådgjevarane frå NLR og prosjektleiar i Føregangsfylkeprosjektet for økologisk frukt og bærmøtte ein gjeng entusiastiske fruktdyrkarar og engasjerte føredragshaldarar frå det tysktalande Europa. Bio Austria og rådgjevarane for dyrkarane med økologisk produksjon hadde sett saman eit program som fekk spørsmåla til å sitte laust etter kvart føredrag. Jordbiologi og biodiversitet var hovudtema, men dei fekk óg smakebitar av dyrkingssystem for jusproduksjon, kalsiumkontroll, samt dekke takdekke mot skurv i kombinasjon med insektsnetting.

Link til program og foredrag for Bio-Obst Tage i Austerrike 14.-15 desember 2017.

Utprøvingar i eigne frukthagar

Rådgjevarane frå Noreg beit seg spesielt merke i arbeidet med å få til betre jordstruktur og styrke sjølvforsyninga av nitrogen på garden. Dei besøkte ein av fruktdyrkarane, Hannes Schaffler, som for to år sidan starta eit utprøvingsarbeid med å betre jordstruktur på eigen gard.

- Det vil vera positivt for den leirtunge jorda på garden min og eg har allereie merka at jorda tar opp meir av overflatevatnet når det regnar. Målet er å auke graden av organisk materiale til mellom 4-6%, understrekar Schaffler, som driv familiegarden i lag med far sin.

- Det vil vera positivt for den leirtunge jorda på garden min og eg har allereie merka at jorda tar opp meir av overflatevatnet når det regnar. Målet er å auke graden av organisk materiale til mellom 4-6%, understrekar Schaffler, som driv familiegarden i lag med far sin.

Foto: Frøydis Linden / FMHO

- Det vil vera positivt for den leirtunge jorda på garden min og eg har allereie merka at jorda tar opp meir av overflatevatnet når det regnar. Målet er å auke graden av organisk materiale til mellom 4-6%, understrekar Schaffler, som driv familiegarden i lag med far sin.

Det er få gardar i området som har husdyrgjødsel som han kan bruke til jordforbetring. Det er mikroorganismane han er på jakt etter, då dei er essensielle for å bryte ned næringa som er bundne i organisk materiale (og i for eksempel i pelletert hønsegjødsel). Når mikroorganismane har jobba kan nitrogen og andre næringsstoff tas like lett opp av røtene, som kunstgjødsla i konvensjonelle felt.

To vegar til jordfruktbarheit

Han har prøvd ut to hovudstrategiar for å auke biologisk aktivitet i jorda si. I den eine metoden  sprøyter ein ut eit ferment, som er ei ferdigblanding av essensielle mikroorganismar (EM). Fermentet inneheld mest bakteriar som er passifiserte gjennom mjølkesyregjæring. Dei vert aktiviserte igjen når dei moldast ned i lag med organisk materiale eller gjødsel. Den andre metoden er å lag ein aktivisert kompostte, laga av små mengder kvalitetssikra hagekompost, kor ein oppformerar mikroorganismane og spreier under frukttrea. Denne blandinga inneheld meir sopp, som er spesielt viktig for røtene til frukttre. Schaffler har prøvestriper på om lag 10 tre med begge blandingane, og eit kontrollfelt. Til no har han ikkje hatt råd til å gjere prøvetaking, men håpar på å få råd og tid til dette i framtida. Han har likevel samla biletmateriale og notatar over endringane han sjølv har observert.

- Ein må begynne ein plass og når eg så kor god effekt grønsaksprodusentane hadde av tiltaka, så vart eg inspirert til å prøve. Dette er langsomme prosessar, men eg har merka med ei betring i grynstruktur berre på dei to vekstsesongane eg har halde på, fortel Schaffler i ivrig.

- Ein må begynne ein plass og når eg så kor god effekt grønsaksprodusentane hadde av tiltaka, så vart eg inspirert til å prøve. Dette er langsomme prosessar, men eg har merka med ei betring i grynstruktur berre på dei to vekstsesongane eg har halde på, fortel Schaffler i ivrig.

Foto: Frøydis Linden / FMHO

Lang tidshorisont nødvendig

Gaute Myren i NLR Viken gjennomførte eit forsøk med tilføring av kompost og så liten effekt på avling og tilvekst etter tre år, men Schaffler kunne sjå endring i grynstrukturen etter berre to år.

-          Arbeidet med å betre jordkvaliteten i fleirårige kulturar, er nybrotsarbeid og det hadde difor vore spennande om nokre fruktbønder i Noreg hadde vore interesserte i å sette i gang parallelle utprøvingar for å samle erfaringar.

Kurs i jordfruktbarheit i Noreg

Vital analyse har erfaring med den same utprøvingane Schaffler har starta med, og Vibhoda Holten kan vera ein ressursperson i Noreg for slik utprøvingar. Vital analyse startar opp eit kurs i jordfruktbarhetsarbeid i januar 2018, og er relevant for alle kulturar. Les meir om kurset her: www.vitalanalyse.no   

Auke i biologisk mangfald i frukthagen

Nybrotsarbeid må alltid starte ein plass og det er eit anna felt som Føregangsfylke økologisk frukt og bær hadde vore interessert i å koma i kontakt med dyrkarar: Arbeid med å auke biodiversitet i økologiske frukthagar. Bio Orchard er eit forskingsprosjekt i fleire ulike EU land kor dei ser på ulike blomsterblandingar med fleirårige blomar som kan tiltrekke seg nyttedyr over tid. Dei har prøvd ut ulike artssammensetningar, og kome fram til ulike praktiske justeringar dei må gjera framover. MEN dei har allereie kome fram til nokre konklusjonar: insektsdiversiteten i fruktfelt auka etter at dei hadde sådd ut fleirårige blomeblandingar i striper mellom fruktrekkene. Les meir om Eco Orchard-prosjektet i CORE organics – eit forskingsprosjekt om biodiversitet mellom ulike land i EU.

Testfelt for å auke erfaringsbasen i Noreg

NORSØK vil i vinter publisere to artiklar om praktisk vinkling av biodiversitet, basert på eksisterande forskingsarbeid. Det vil trykkast ein artikkel om biodiversitetsarbeid i økologisk bærproduksjon og tilsvarande ein for økologisk fruktproduksjon. Begge artiklane vil trykkast i Norsk frukt og bær og Økologisk landbruk (NLR).

Frå studietur til Sverige, frå eit økologisk fruktfelt utanfor Kristianstad, som har testa ut ulike blomestriper både i og rundt frukthagen.

Frå studietur til Sverige, frå eit økologisk fruktfelt utanfor Kristianstad, som har testa ut ulike blomestriper både i og rundt frukthagen.

Foto: Frøydis Linden / FMHO

Målet for Føregangsfylke økologisk frukt og bær er å få til eit prosjektsamarbeid mellom NLR, NORSØK og NIBIO om å teste ut biodiversitetsstrategiar i og kring frukt-og bærfelt i Noreg, basert på eksisterande kunnskap i dette feltet. Ein vil i fyrste omgang samarbeide med ein økologisk fruktgard og ein økologisk bærgard. Avklaringar rundt dette vil koma i nyheitsbreva i februar 2018. Ta gjerne kontakt med prosjektleiar i Føregangsfylke økologisk frukt og bær dersom du som gardbrukar, er interessert i å vera vert for eit slikt uttestingsprosjekt om biodiversitet. 

Skrive av prosjektleiar i Føregangsfylke økologisk frukt og bær, Frøydis Lindén, Fylkesmannen i Hordaland: tlf 90552194, fmhofli @ fylkesmannen.no

Publisert 21.12.2017 Sist endra 21.12.2017