Facebook| Twitter Skriv ut

Satsar friskt på øko-bringebær

Birgitte Wærstad i Skien skulle eigentleg dyrke dei 2750 bringebærplantene konvensjonelt. Men etter å ha vore på autorisasjonskurs for sprøyting, kom ho heim og la om heile feltet til økologisk drift. Nå har ho kundar heilt frå Vestlandet som vil ha bringebæra frå Dolva gård.

Av Mikkel Aanderaa, Føregangsfylke økologisk frukt og bær

Tett ved riksveg 36 mellom Skien og Seljord har Birgitte Wærstad og Frode Eie fem dekar økologiske bringebær i bæring. Det har kundane oppdaga, og i fem veker i sommar var det full fart på tunet på Dolva. Planen var å dyrke desse bæra konvensjonelt, men etter to sesongar viser det seg at dei greier å få fram fine bær med økologisk drift.

Birgitte Wærstad driv garden nær Skien i lag med sambuar Frode Eie, og har god erfaring med sjølvplukk av økologiske bringebær.

Birgitte Wærstad driv garden nær Skien i lag med sambuar Frode Eie, og har god erfaring med sjølvplukk av økologiske bringebær.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Birgitte Wærstad hadde odel på garden, men kunne svært lite om gardsdrift. Derfor tok ho agronomkurs for vaksne på Søve vidaregåande skule i 2012. Det møtte ho mange andre i same situasjon og fekk mange innspel gjennom ekskursjonar og diskusjonar med medelevar.

–        Far min har drive med korn på garden, men eg kjende at det ikkje var eit prosjekt eg var veldig ivrig på. Skulle eg drive jordbruk, så ville eg sitte igjen med ei forteneste også. Når det er lite areal, så er det moro å kunne sjå ulike måtar å utnytte jorda på, seier Birgitte.

Etter kurset hadde ho besøk av ulike rådgjevarar og fekk ulike kalkyler.

–        Då fann eg ut at bringebær var det som var mest overkomeleg for meg.

La om til økologisk

I 2015 planta ho fem dekar bringebær, det er akkurat over grensa til å få støtte frå Innovasjon Norge. Planen var å dyrke dei konvensjonelt og Birgitte tok autorisasjonskurs for å kunne bruke plantevernmiddel. Men då ho kom heim frå kurset og ville ho heller prøve økologisk dyrking.

Sorten Glen Ample fungerar godt i økologisk drift.

Sorten Glen Ample fungerar godt i økologisk drift.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Det er sorten ”Glen Ample” som er planta på Dolva, og den fungerer bra. Det er ein tornefri produksjonssort med gode og store bær. Den kan ha ei større utfordring med midd enn andre sorter, men sprøyting med olje og grønsåpe kan bryte ned bestanden.

Utfordringa er å halde skadane på eit akseptabelt nivå. Bringebærbilla har vore det største problemet til nå, den legg egg i blomsten som blir til mark i bæra og gjer dei udelikate.

–        Eg blei skremt av å høyre at opptil 80 prosent av avlinga kunne bli øydelagt av mark om eg ikkje sprøyta. Men i vår fekk eg tips om at bringebærbilla flyg så lågt at eit to meter høgt gjerde rundt hagen kan stoppe mange av dei. Det kom litt seint opp i år, men det blir spennande å sjå til neste år om vi har skikkeleg effekt av det, seier ho.

Bringebærbilla flyg lågt og kan haldast ute av bringebærfeltet gjennom eit gjerde av tynn flogeduk.

Bringebærbilla flyg lågt og kan haldast ute av bringebærfeltet gjennom eit gjerde av tynn flogeduk.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Stoppe sopp og rust

I feltet tar feller med luktstoff mange av billene, men det er ikkje nok om det blir store angrep. Sopp kan vere ei utfordring, derfor er det viktig å halde bringebærhekken open slik at det tørkar fort opp etter nedbør. Rust kan også vere eit problem i alle felt, da gjeld det å plukke vekk blad og skot som er infisert.

I økologisk dyrking er det ikkje så mange innsatsmiddel, men kopar og svovel kan brukast.

-          Vi kan også sprøyte med brenneslevatn, det vil vi prøve det neste år, og sjå om det gir gjødseleffekt.

Hekken er planta på duk, og det har fungert bra så langt. Næringa kjem frå pelletert hønsegjødsel som blir spreidd langs duken. Det er også montert dryppvatningsanlegg der dei kan tilføre flytande gjødsel, men i år har det ikkje vore behov for å gjødselvatna plantene.

Bringebæra er planta på duk med vatningsanlegg. I bakgrunnen ser ein gjerde med insektsduk, som vart sett opp ut  mot skogen, kor bringebærbilla flyg inn frå.

Bringebæra er planta på duk med vatningsanlegg. I bakgrunnen ser ein gjerde med insektsduk, som vart sett opp ut mot skogen, kor bringebærbilla flyg inn frå.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Tidlege bær

Alt året etter planting var det bra avling, og bæra forsvann fort både som sjølvplukk og sal av ferdigplukka bær frå garden. I år var andre bæringsåret, og det ga også god avling. Bæra kjem tidleg på Dolva sidan feltet ligg i ei helling. Bløminga var i slutten av mai og garden hadde bær 1-2 veker før andre produsentar.

-          Vi har hatt veldig bra sal i sommar sjølv om det gjekk litt tråare mot slutten av sesongen. I starten var det ideelt plukkevær med skya og ikkje for varmt. Etter kvart kom regnveret og da var ikkje folk like gira samtidig som sesongen var på topp hos andre produsentar. Men det var behageleg å vere først ute med bringebær på marknaden i år.

Dei har både sjølvplukk og innleigde folk til hausting, og dei har alle gjort ein god jobb i år, meiner Wærstad.

Dei har både sjølvplukk og innleigde folk til hausting, og dei har alle gjort ein god jobb i år, meiner Wærstad.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Frode og Birgitte ser for seg å ta 20-30 prosent over konvensjonelle prisar. Haustarane må sjekke alle bæra for mark, og derfor er det ein del ekstraarbeid.

–        I år har vi tatt 80 kr/kg for sjølvplukk og 120 kr/kg for ferdigplukka. Det er absolutt ein akseptabel pris å betale for forbrukarane. Eg ønsker eg at mest mogleg skal seljast frå garden, da blir fortenesta større når ei slepp mellomledd. Det har tydelegvis vore mangel på økologiske bringebær for vi har hatt kundar heilt frå Vestlandet som syns det var så gøy at dei kunne få tak i Debio-godkjende bær, fortel Birgitte.

Imponert rådgjevar

Stanislav Strbac i NLR Viken har vore rådgjevar for Birgitte heit sidan starten. Ho meiner det er viktig å ha ein som følger med litt, har oversikten og held seg oppdatert.

-          Da kan vi bryne oss litt på kvarandre. Det er ikkje alle råd vi følgjer, vi har nokon interessante diskusjonar. Av og til fungerer det og av og til ikkje.

Stanislav er imponert over det Birgitte og Frode har fått til.

-          Det er eit veldig vellykka prosjekt. Ho var ein del av bær-prosjektet i Telemark i 2015, og på Dolva gård fann vi ut at bringebær passa best. Etter to hausesesongar ser det veldig bra ut.

Han legg til at for økologisk dyrking er det viktig at det finns nok driftsmidlar. No har dei fått flytande organisk gjødsel som er mogleg å tilføre gjennom vatningsanlegget. Når vi i tillegg greier å kontrollere insekta med feller og inngjerding, så er det håp. Derfor kan han etter kvart råde andre til å satse på økologisk dyrking av bringebær.

-          Vi har fleire suksesshistorier som kan inspirere andre, seier han

Studietur

Frode var nyleg på bringebærstudietur til Sverige i regi av Føregangsfylke økologisk frukt og bær. Der besøkte deltarane ulike dyrkarar med økologiske bringebær. Han syns det var spennande å sjå korleis andre driv.

-          Det er mange ulike måtar å drive med bringebær på, både i stor skala og liten skala, med tunell og på friland. Det er nyttig å få kontaktar og høyre andre sine erfaringar, og så oppdage at det ikkje er så gale det ein driv med sjølv heller. Vi fekk bekrefta at det er bra det vi held på med. Det er kjekt! Spesielt når ein ikkje har erfaring frå før og ser at det er bra det ein gjer.

Paret på Dolva gård ser for seg å utvide produksjonen når tida strekk til. Det nye feltet bør ligge litt unna det gamle for å redusere smittepresset.

–        Det hadde vore spennande å gå på andre marknader. Det er blant anna lite økologiske bringebær på Vestlandet. Nå har vi bare selt ut til private, det må vere andre som også er interessert i økologiske bringebær også. Det er jo litt i vinden, seier Birgitte Wærstad.

50 prosent tillegg

Stine Huseby i Norsk Landbruksrådgivning Vest har saman med Føregangsfylke økologisk frukt og bær sett på kva økologiske dyrkarar må ha i meirpris for bæra sine. Kalkylen legg til grunn at ein produserer under haustetak og viser at ein bør få 50 prosent meir for dei økologiske bæra sine, dersom ein oppnår 1100 kg per dekar.

-          Det er i hovudsak lågare avling som slår ut på kalkylane. Nokre år må ein rekne med mindre avling, fordi ein del bær blir utsortert. Det er litt meir manuelt arbeid i økologisk drift, men samtidig sparer ein mykje tid på mindre sprøyting. Luking blir det uansett om ein driv konvensjonelt eller økologisk, seier Stine Huseby.

Ho understrekar at det er mange faktorar som spelar inn på prisen og at ein kan få ein høgare pris for økologiske bær om ein bur nært byar, med mange som er villige til å betale godt for bæra.

Publisert 06.10.2017 Sist endra 06.10.2017