Facebook| Twitter Skriv ut

Spår rekordavlingar for fruktdyrkarane på Vestlandet

I desse dagar plukkar fruktdyrkarane plommer for harde livet. Det modnast fort i varmen. Butikkane vil bugne av norske plommer i butikkane dei neste 14 dagane, saman med dei tidlegaste norske eplesortane.

- Over 600 tonn moreller har kome ut i butikkane i år. Det er rekord, rapporterer fruktlagerinspektør Leif Øie i Grøntprodusentanes samarbeidsråd.

Det er nokre bønder som kjem til å bera frukter av sommarens heitebølge. Fruktbøndene. Der vatningsanlegga har fungert, har frukttrea klart å sette frukt i rikeleg monn. Varmen i år har gjort at fruktbøndene har lite skurvflekkar på eplene, og kvaliteten på morellene og plommene er betre enn nokon gong.

Eplene har endeleg fått noko å drikke og ventar berre på å bli store og søte med god raudfarge før dei blir sendt til butikkane. Her heng det Aromaeple hjå ein dyrkar på Nå i Sørfjorden.

Eplene har endeleg fått noko å drikke og ventar berre på å bli store og søte med god raudfarge før dei blir sendt til butikkane. Her heng det Aromaeple hjå ein dyrkar på Nå i Sørfjorden.

Foto: Frøydis Linden / FMHO

- Det einast me kan merke frå tørkeperioden er at plommene er noko småfallen i år. Det heng truleg saman med at mange ikkje har vatningsanlegg i plommefelta sine. Plommetre har kraftig rotsystem, og klarar i normalår å forsyne seg av vatn frå djupare jordlag i tørrare perioder, forklarar fruktlagerinspektør Leif Øie. Han er tidlegare fruktlagerstyrar ved Hardanger fjordfrukt og fyljer fruktnæringa tett frå Sørfjorden i Hardanger.

Slår tidlegare rekordar

Haustinga av alle fruktkulturar har i år starta over 14 dagar tidlegare enn normalt, og slår truleg rekordane frå 2014, som også var ein varm sommar med gode avlingar. Alle prognosar tyder på at epleavlingane også blir gode i år, spesielt no når regnet har hjulpe til i mogningstida

Glad for regn! Mange nyplanta fruktfelt i Hardangar har vorte etablert i Hardanger dei siste åra. Biletet viser eit nyetablert økologisk eplefelt på Lofthus. Ein håpar på ein stor auke av norsk frukt dei komande åra, for å sikre minimal import i norsk sesong.

Glad for regn! Mange nyplanta fruktfelt i Hardangar har vorte etablert i Hardanger dei siste åra. Biletet viser eit nyetablert økologisk eplefelt på Lofthus. Ein håpar på ein stor auke av norsk frukt dei komande åra, for å sikre minimal import i norsk sesong.

Foto: Frøydis Linden / FMHO

- Nokre få produsentar har fått avlingane sine øydelagde av hagl, i dei nordlege fruktgrendene i Indre Hardanger. Sider-og jusprodusentane tek imot dei skadde epla, sjølv om produsentane får noko mindre betalt for dei, melder Sigbjørn Brusletto, fruktlagerstyrar ved Hardanger Fjordfrukt.

Plass til meir frukt i framtida

Det er spådd over 7000 tonn norske eple til butikkane i år, men det likevel ikkje nok til å dekke etterspørselen i norsk sesong. Med alle nyplantingane som har vorte fullførte dei siste åra, håpar ein å auke konsumproduksjonen til 10-12 000 tonn eple på landsbasis.

Det trengs truleg meir av alle fruktslag i framtida, også økologiske eple og plomme. Norsk økologisk frukt dekker om lag 1-2% av øko-marknaden i Norsk sesong, noko som er alt for lite. Det fører til ein del import av økologiske eple i norsk sesong, som er rekna frå august til desember.

Miljøvenleg innpakning i papir

Nestan all frukt som skal ut frå Hardanger fjordfrukt i år til Bama vert pakka i papirposar, for å støtte opp om ein miljøvennleg driftsform.

- Eg er stolt av fruktbøndene som jobbar hardt for å gje oss forbrukarar nok frukt av god norsk kvalitet. Når plasten forsvinn frå produksjonen vitnar det om ein miljøbevisst verdikjede som vil alt godt for naturen si framtid, understrekar Sigbjørn Brusletto med optimistisk alvor.

----------------------------------------------------
Kontakt for meir informasjon;

Leif Øie 
Fruktlagerinspektør GPS 
Tlf. +47 97526282
e-post: lef@grontprodusentene.no

Sigbjørn Brusletto
Fruktlagerstyrar Hardanger Fjordfrukt
Tlf. +47 47707586
e-post: sigbjorn@fjordfrukt.no

Fakta

Hardanger er eitt av dei største fruktdistrikta i landet med om lag 35% av all eple og plommeproduksjonen, en fjerdedel av morellproduksjonen og nesten 70% av ein synkande pæreproduksjon.

• Det er tre aktive fruktlager i Hardanger som i fjor leverte 2500 tonn epler, 118 tonn pærer, 650 tonn plommer, 116 tonn moreller og 1950 tonn epler til industri.
• I 2018 blir både kvaliteten og antall kilo høgare enn i 2017.
• Fruktlagrene i Hardanger har gått saman om å stimulera til auka produksjon av moreller og er optimistiske etter årets sesong.

Publisert 10.08.2018 Sist endra 10.08.2018