Facebook| Twitter Skriv ut

Inspirasjonsbonde satsar vidare

Marianne Bøthun er rådgjevar og økologisk fruktbonde i Sogn. Saman med mannen Stein Knatterød satsar dei vidare på frukt i Fresvik og skal plante fleire økologiske epletre dei neste åra.

Marianne Bøthun er både rådgjevar og inspirasjonsbonde for å få andre til å starte opp økologisk fruktproduksjon.

Marianne Bøthun er både rådgjevar og inspirasjonsbonde for å få andre til å starte opp økologisk fruktproduksjon.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Marianne tykkjer at dei får bra til økologisk fruktdyrking, men ser ei auke i utfordringar knytt til insektsangrep. Slik sett skulle ho gjerne sett at ein i Norge hadde hatt fleire moglegheiter innan plantevern, som økologiske fruktdyrkarar i resten av Europa har. Ho er ein av seks fruktbønder som er inspirasjonsbonde i Landbrukets øko-løft. Målet er å vise at det går an å dyrke frukt økologisk her i landet. Ho skulle eigentleg bli mjølkebonde på heimgarden. Men gjennom jobben som fruktlagerstyrar i Fresvik, fekk ho augne opp for økologiske eple.

- På fruktlageret såg eg at øko-epla vi selde var like fine som dei konvensjonelle. Då bestemte eg meg at også eg skulle prøve å dyrke økologiske eple, seier Marianne Bøthun.

I 2004 planta ho ut 540 tre. Dei blei planta etter "gamlemåten" med to meter mellom kvart tre og fire meter mellom rekkene. No er det tettplanting som gjeld, med 3,5 meter mellom rekkene og 0,8-1m mellom kvart tre. 

Dei siste åra er det planta 9 dekar til på garden til Bøthun og planteplanen seier 5 dekar til, neste år. Alle areala er godkjende som økologiske gjennom årlig kontroll av Debio.

Dei siste åra er det planta 9 dekar til på garden til Bøthun og planteplanen seier 5 dekar til, neste år. Alle areala er godkjende som økologiske gjennom årlig kontroll av Debio.

Foto: Marianne Bøthun / Marianne Bøthun


Produksjonen må opp!

Marianne ivrar for å få opp produksjonen av norsk økologisk frukt.

- Diskusjon er litt i kva skala me skal me drive økologisk i Noreg. Om me ikkje får opp ein norsk profesjonell produksjon så vil den importerte øko-frukta overta. Den kjem frå gardar som er mykje større enn dei største norske og med eit meir liberalt plantevernregime til dømes mot skadedyr, enn kva me har å hjelpa oss med i Noreg. For meg er kortreist mat ein del av den økologiske tankegongen, så eg ynskjer at me skal nytta høvet me har til å dyrka kortreist norsk økologisk frukt.

I starten blei all frukt sortert og pakka på Fresvik Kjølelager, som også ordna med salet. No er det Sognefrukt som hentar, pakkar og sel epla. Dette har letta arbeidet som fruktdyrkar veldig, då det ikkje er overkomeleg å pakka fleire tonn frukt for hand. No kan ho og mannen konsentrera seg om å dyrka fin frukt og la andre ta seg av resten. Mesteparten av pressfrukta blir grovsortert ut i hagen, då økologisk pressfrukt får ekstra betalt. Pris og støtte for økologisk fruktdyrking har også vore bra siste åra. Slik også med tilskot til nyplanting gjennom Innovasjon Norge.

God kunnskap om førebygging

Som rådgjevar innan frukt i Norsk Landbruksrådgiving Vest, har Marianne Bøthun god kunnskap om fruktdyrking. Plantesystem og skjeringsprinsipp er likt som for konvensjonell dyrking. Men som økodyrkar legg ein meir vekt på å ha fuglekassar i/kring hagen, bustader for nyttedyr (saksedyr, gullauge m.fl.) og å ikkje slå alt graset i rekkene samstundes, for å verna nyttedyra.

Tynning og skjering er heilt essensielt i moderne fruktproduksjon med tettplantingar. Då kan ein unngå vekselbering, får ein rett storleik på frukta og dermed betre betalt.

Tynning og skjering er heilt essensielt i moderne fruktproduksjon med tettplantingar. Då kan ein unngå vekselbering, får ein rett storleik på frukta og dermed betre betalt.

Foto: F.Linden / FMHO

- God skjeringsteknikk er ein viktig del av produksjonen. Med rett skjering, gjødsling og tynning kan ein stabiliserte avlinga. Det har vi oppnådd gjennom det vi har lært dei siste åra, seier ho.

Held skurv i sjakk

Marianne har ein ekstensiv eldre hage kun med spreiarvatning, medan nyplantingane er lagt opp med dryppvatning og også mogelegheit for gjødselvatning. Alle trea får pelletert hønsegjødsel om våren og bladgjødsling med mikro-mineral i bløminga og på hausten. Kopar og svovel held skurven i sjakk.

- Skurv var det eg frykta mest då eg starta. Det har gått bra utanom skurvåret 2011 då 50 prosent av avlinga gjekk til press. Då lærte eg at det som må gjerast no, ikkje kan utsettast til i morgon i økologisk drift, understrekar Marianne. Med dataverktøyet RimPro som koplar vêrdata med spreiing av soppsporar og infeksjonsfare, så har det vorte mykje lettare å sprøyta til rett tid. Skurv har difor vore eit minimalt problem siste åra. For å driva økologisk må ein jo sjølvsagt satsa på sortar som er sterke mot skurv i utgangspunktet. På garden i Fresvik er det eplesortane Discovery og Raud aroma det er satsa på.

Kjempar mot lus

Eit stort problem som ho ikkje venta, var kraftige lusangrep, spesielt på unge tre. I starten planta ho på vevd plastduk, Mypex. Det skulle halde ugraset i sjakk, halde på fuktigheit i jorda og varme opp jorda raskare om våren. Men mauren treivst godt under plasten.
- Eg fekk lus på nyplanta tre. Rådet var å la lusa vere, for det ville tiltrekke nyttedyr og opprette ein økologisk balanse. Er det noko eg angrar på i dag, så er det at eg ikkje tok tak i lus-problemet. Året etter var det lus på nabotre. Det kom så langt at eg ikkje kunne ta det med førebyggande olje - og grønsåpesprøyting, fortel Marianne.

Ho prøvde å sprøyte med olje og såpe på ulike tidspunkt om våren, men sleit med å treffe rett. Etter kvart hadde det kome så langt at ho heldt på å legge om til konvensjonelt , for luseproblemet gjekk ut over både økonomien og motivasjonen.

Redninga var eit insekts-konsentratet med pyrethrum som virkestoff, og som er lovleg å bruke til punktsprøyting av lusetoppar i økologisk produksjon (godkjent for småhagar). Men det er så kraftig at det også tek nyttedyr det treffer ved sprøyting.

 

Lus skil ut eit søtt kliss som det går sopp i, og legg seg som eit svart lag på blade og eple slik at epla ikkje blir salsvare. Når det blir nok, øydelegg det til slutt skotveksten og treet.

Lus skil ut eit søtt kliss som det går sopp i, og legg seg som eit svart lag på blade og eple slik at epla ikkje blir salsvare. Når det blir nok, øydelegg det til slutt skotveksten og treet.

Foto: Nibio / Nibio

- Har du mykje maur i feltet, så er det ikkje nyttedyr likevel. Ein treng difor ikkje vere redd for å ta vekk nyttedyra. Nedbrytingstida er elles rask.


Treng tiltak for profesjonelle dyrkarar

Konsentratet på små flasker og skal blandast ut i vatn. Det fungerer godt, men i og med at ein kun har lov å punktsprøyta på lusetoppane, så tek det enormt med tid. Sprøyting må dessutan gjennomførast kvar 7-10 dag om ein skal lukkast med å bli kvitt lusa. Hittil har dei sett dette som einaste løysing, sidan vårsprøyting med vegetabilsk olje og grønsåpe ikkje har vore godt nok. Dei har også prøve limringar kring stammer og stolpar for å stoppe mauren, samt åtemiddel for å få bukt med mauren og også å klippa vekk lusetoppar. Men mange ting er mest egna for små hobbyhagar og å klippa vekk øydelegg for treveksten elles. Fruktdyrkarane augnar no eit håp om å kunna prøva mineralolje om våren og å kunna ta ei sprøyting med Raptol (olje/pyrethrum) før blomstring, slik dei gjer i økofruktdyrking i Sverige.

Det kan vera at dei på litt sikt kjem til å fjerna heile mypex'en og byrja å fresa i feltet for å få bukt med mauren. Ei traktormontert kombinert ugras, fres og greinrive-maskin gjer til at all nyplanting no er utan plastdekke. Meininga er å halda jorda svart i trerekkene på vårparten, for deretter å la graset veksa opp fram mot hausting og så slå det før vinteren set inn. 

Maskina dei har valt for ugrasreinhald heiter Orizzonti Mira. Den er lett, overkomeleg i pris og fungerer svært bra.

Maskina dei har valt for ugrasreinhald heiter Orizzonti Mira. Den er lett, overkomeleg i pris og fungerer svært bra.

Foto: F.Linden / FMHO


Det er også påvist heksekost i hagen. Det er ein bakterie som gjer at trea veks ukontrollert. Dei endrar form og farge på epla, slik at dei ikkje blir salsvare. Ein har ikkje noko å ta den med økologisk, så einaste utveg er å fjerne trea. Sjukdomen blir truleg spreidd med plantematerialet og/eller med eit insekt som heiter hagetornsugar tidleg på våren, og i økologisk drift har ein ikkje noko å fjerna skadeinsekt med. Det er dette som gjer til at det ikkje lenger blir produsert økologiske tre i dei norske planteskulane.

- Skal me satse større på økologisk fruktproduksjon i Noreg, må me ha nokre av dei hjelpemidla som kollegaene våre har i utlandet. Europearane og våre nordiske naboar, som driv økologisk fruktproduksjon, har fått godkjent fleire plantevernmiddel som Mattilsynet i Noreg ikkje har gitt klarsignal for enno. I Norge har me ikkje ein gong lov til å nytta luktstoff/feromon i feller og liknande for å forvirra skadedyra slik at dei ikkje legg egg i eller øydelegg frukta. Dette er tiltak som elles er allment tilgjengeleg i andre land og som heller ikkje påverkar overflata på frukta. Strengt skal det vere, men det må vere rettferdig – i alle fall så lenge dette er lov å selja importert frukt utan at nokon stiller spørsmål!

God avling

Marianne og Stein ynskjer å ha ei stabil avling og har lukkast med det for Raud Aroma.

- Vi har ei høg avling per tre, med opp til 20 kg per tre. Med ei ekstensiv planting som i vår gamle hage utgjer dette rundt 1700 kg/daa, fortel Marianne, noko som er ei akseptabel avling i ein økohage av eit slikt format. 

Discovery har ikkje levd opp til forventingane om avling, med ei ekstensiv planting. Men Marianne meiner det er mogleg med ei større økologisk avling basert på moderne tettplanting, både for Raud Aroma og Discovery.

Discovery har ikkje levd opp til forventingane om avling, med ei ekstensiv planting. Men Marianne meiner det er mogleg med ei større økologisk avling basert på moderne tettplanting, både for Raud Aroma og Discovery.

Foto: M. Bøthun / Bøthun

Planen framover er å hente inn meir inntekt frå garden i kombinasjon med mindre arbeid utanfor bruket. Dette i kombinasjon med satsing også på birøkt og gamalnorsk spelsau. Ho har stor tru på økologisk fruktdyrking også for framtida, men har likevel eit hjartesukk.

- Norsk økologisk drift er for nokre forbrukarar synonymt med usprøyta og hobbybruk. I dette intervjuet har me prøvd å skildre ein profesjonell drift på ein Debio-godkjend fruktgard i dag. For meg er økologisk mat også kortreist mat, og ikkje mat som er transportert frå andre sida av kloden (sjølv om utrekningar viser at miljøbelastninga for importvarer varer frakta i stort nok volum, kan vera like låg). Derfor håpar eg vi får auka ein stor nok norsk økologisk produksjon til å dekka mykje av innanlands marknaden, seier økobonden Bøthun.

Publisert 27.09.2017 Sist endra 27.09.2017