Facebook| Twitter Skriv ut

Vil satse stort på økologiske solbær

Stine Mølstad på Nes på Hedmarken er alt stor på produksjon av konvensjonelle solbær. Men no vil ho også dyrke økologiske bær i stor stil.

Av Mikkel Aanderaa for Føregangsfylke økologisk frukt og bær

Idyllisk plassert i solhellinga ned mot Mjøsa ligg Mølstad gård, heilt sør på Neshalvøya i Ringsaker kommune. Utsikten mot Helgøya er det heller ikkje noko å seie på. Her bur Stine Mølstad med familien sin.

Ho er Norges største solbærbonde med 350 dekar i produksjon. 30 av desse er nå Debio-godkjent for utplanting av økologiske solbær som skal haustast maskinelt. Bæra er godkjent til innhaustinga i 2019.

       Det var mange rundar på korleis vi skulle gå fram sidan det er få som har satsa stort på økologisk produksjon her i landet. Det er noko i Telemark og ”Bærgården” i Sylling som vi støttar oss på, seier Stine Mølstad.

Plantar på plast
Sidan dei ikkje kan sprøyte under buskane, er dei økologiske planta på bioplast. På Mølstad gård har dei ikkje prøvd plast før, så det blir ny lærdom. I Europa er det fleire og fleire som legg om til økologisk dyrking, og da er ugraset vore den største utfordringa.

Stine har vurdert å frese under buskane for å halde ugraset vekk. Det vil ta mykje tid og store ressursar, så dei startar med å dyrke på bioplast. I framtida håpar ho å finne utstyr som kan køyre 6-7 km/t. Gjerne med fres på begge sider av traktoren for å frese to rekker om gangen.

       ­Da er vi nede på same tidsforbruket som nå vi sprøyter. Vi brukar tre heile dagar på å kome over alt, og det må skje fleire gonger i sesongen. Eg håper at vi skal få til ugrasbiten, seier Stine Mølstad.

Agronomisk utfordring
På grunn av mykje fuktig vær har dei hatt meir soppsjukdommar og bladflekk i år enn tidlegare år. Det er sprøyta med Nordox (kopar) som er lov å bruke i økologisk. Nytt i Norge er solbærgallemidd, mottiltaket er svovel eller olje og grønsåpe.

       Kva er motivasjonen for å starte med økologisk produksjon?

       Som produsent er dette også noko som utfordrar meg. Målet er å redusere bruken av plantevernmiddel sjølv om eg føler at  vi ikkje brukar mykje i dag. Vi  brukar veldig lite i den konvensjonelle drifta som ikkje er godkjent i økologisk.

Det blir sprøyta bladgjødsling med nitrogen om hausten for å styrke knoppane. På våren er det Roundup under buskane. Men plantevernmiddel løyser ikkje alle problem, derfor brukar Mølstad gård 50-100.000 kroner i året på handluking. Det har ført til ganske reine felt utan ugras som igjen gjev lite trekk på dei leverte solbæra.

       Eg lærte av min far at har du mykje ugras i feltet så vil du spreie det vidare under tresking og få det at og att. Så å ha ugrasfrie felt er god økonomi.

Saft og toddy
Den konvensjonelle solbærproduksjonen har årleg gitt mellom 170 og 250 tonn bær i året. Synnøve Finden tar imot det meste, men garden har også litt til eigne produkt som solbærsaft og solbærtoddy.

Ikkje alt areal er i produksjon til ei kvar tid. Eit år fraus ein del av solbærbuskane. Da oppdaga dei at det blei ganske god avling ved å skjere ned buskane. Derfor blir 30-50 dekar kutta ned kvart år for å fornye dei i staden for å plante nytt.

Stine Mølstad har mest tru på sorten Ben Tron som er utvikla for norske forhold. Bæra må kunne haustast med maskin og dei skal vere søte og ha lite sjukdom. Buskane må også stå oppreist med tanke på innhausting med maskin. Sorten kan bli litt skada av maskin, og må derfor skjerast ned litt fordi det blir for mykje tørrkvist om dei får skader i barken.

Aukande interesse
Stine reknar med at det skal gå greitt å få avsetting for dei økologiske solbæra.

       Vi merkar ein aukande interesse både frå Synnøve Finden og Lerum som er i gang med å tenke økologisk. Dei har ikkje satsa, men kanskje er det fordi ingen har kunne levere nok og så har dei ikkje hatt eit godt noko mottaksapparat som er Debio-godkjent.

       Ser du for deg å legge om meir til økologisk?

       Ja absolutt. Vi startar med 30 mål, men det er mykje her som bør fornyast etter kvart. Nå må vi få eit erfaringsgrunnlag før vi planlegg neste økologiske utplanting.

Solbærhagen ligg idyllisk til ned mot Mjøsa. Dersom ho lukkast kan meir av dei konvensjonelle felta bli lagt om til økologisk.

Solbærhagen ligg idyllisk til ned mot Mjøsa. Dersom ho lukkast kan meir av dei konvensjonelle felta bli lagt om til økologisk.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Publisert 07.09.2017 Sist endra 07.09.2017