Facebook| Twitter Skriv ut

Økologisk fruktdyrking - info

I høst blir det laga fleire infohefte om økologisk fruktdyrking med oppdatert informasjon. Landbrukets Øko-lyft gir ut ein intro til økologisk fruktdyrking som me har vore med å forfatta. Nyplantingsmanualen frå 2013 er framleis gjeldande, og i løpet av hausten kjem det manualar for korleis du kan få til ei vellukka drifting av frukthagen. 

Landbrukets øko-løft lagar i desse dagar introduksjonar til ulike produksjonar innan kort, frukt-og grønt. Det fyrste versjonen av introduksjon til økologisk fruktdyrking er klar til redigering og kan lesast her... Seinare kan du lese den og kortversjonar av regelverket for økologisk landbruk på Debio info sine nettsider her...

NLR og NIBIO har samla kreftene og vil i løpet av hausten lansera ein manual for stell og drifting av ein økologiske eller konvensjonell frukthage. Den vil bygge på nyplantingsmanualen som vart lansert i 2013. Vil du ha ein smakebit på korleis du kan handtere ugraset i frukthagen mekanisk, kan du få ei god innføring gjennom denne nettstaden HER... Der finn du mykje bilete, forklaringar og video-snuttar for bruk av ulike strategiar for mekanisk ugrashandtering i frukthagar. 

Nyplantingsmanualen skildrar i detalj korleis du går fram for å etablera ei nyplanting med tettplantingsprinsippet, og har integrert økologiske og konvensjonelle strategiar for etablering. 

Last ned nyplantingsmanualen som pdf her...

Publisert 15.09.2016 Sist endra 15.09.2016


Plantevern