Facebook| Twitter Skriv ut

Økologisk frukt i vinden

Over 50 frammøtte med bakgrunn som konvensjonelle og økologiske fruktdyrkarar, studentar og nysgjerrige fagfolk, kom på fagdag for økologisk fruktproduksjon i Sogndal i starten av januar i år. Det var eit sjeldant godt oppmøte for eit arrangement med berre økologisk fruktproduksjon som tema.

Det er rom for meir økologisk frukt i den norske marknaden, då det framleis er import av økologiske eple i norsk sesong.

Det er rom for meir økologisk frukt i den norske marknaden, då det framleis er import av økologiske eple i norsk sesong.

Foto: Frøydis Linden / FMHO

Fruktprodusenten med mest epleareal som er godkjent for økologisk drift i Noreg, Bjerketvedt frå Dyre Gard i Østfold, inspirerte med dei store ambisjonane og den gode drifta si. Han er motivert av dei positive marknadssignalane for både økologisk konsumfrukt og det gode salet av eplejusen, som han har fått fleire kvalitetsprisar for. Eit godt rådgjevarkorps frå Norsk landbruksrådgiving ga informasjon om dyrkingsmanualar for å drive tettplantingar av økologisk epletre, og korleis ein kan lukkast som økologisk epleprodusent.

Sjå denne linken for meir om programmet og innhaldet på fagdagen.

Sjå denne linken for å lesa manualar for økologiske og konvensjonelle tettplantingar.

Publisert 27.02.2018 Sist endra 27.02.2018