Facebook| Twitter Skriv ut

Økologisk plantevern i endring

Frukt-og bæryrkarar i resten av Europa har langt fleire hjelpemiddel til rådvelde enn norske økologiske fruktprodusentar, når problema er store og førebyggande tiltak ikkje gir effekt lenger. Men kva blir prioritert i arbeidet med å få godkjent fleire middel?

 Skriven av Mikkel Aanderaa og Frøydis Lindén.

Sigrid Mogan er fagkoordinator for frukt og bær i Norsk Landbruksrådgiving. Ho samarbeider med føregangsfylke frukt og bær, og har arbeidd mykje med tilgang på plantevernmiddel til økologisk bruk.

Sigrid Mogan er fagkoordinator for frukt og bær i Norsk Landbruksrådgiving. Ho samarbeider med føregangsfylke frukt og bær, og har arbeidd mykje med tilgang på plantevernmiddel til økologisk bruk.

Foto: Frøydis Linden / FMHO


- Idealet er at ein økologisk frukthage skal vere i balanse med førebyggande tiltak, slik at det ikkje er problem med skadegjerarar. Men slik er det ikkje alltid i praksis. Er krisa fyrst igong, treng dyrkarane godkjende plantevernmiddel for økologisk drift. Me veit at det er fleire preparat som er i bruk i økologisk drift i Europa, som ikkje kan brukast her i landet, seier ho.

Mange vegar til fleire middel

Forklaringane på det er mange, og som regel er det ikkje økologi-forskriften som skapar hindringane. I mars 2017 kom det ei ny økologi-forskrift som seier at plantevernmiddel som er tillat i økologisk dyrking i EU, er også tillat å bruke i Norge. Men dei må likevel få ei nasjonal godkjenning av Mattilsynet her i landet. Eit av problema er at det kan koste fleire hundre tusen kroner i gebyr til Mattilsynet å få godkjent eit middel som kanskje berre nokre få økologiske dyrkarar skal bruke.

- Økologisk fruktproduksjon treng fleire godkjende plantevernmiddel. Men firma som importerer plantevernmiddel vegrar seg for å søke på grunn av høge gebyr og strenge dokumentasjonskrav. Det kan og hende at importørane ikkje finn det rekningssvarande å søkje godkjenning, grunna for få dyrkarar som vil kjøpe produkta, hevdar Mogan.

Svovelkalk eit døme

Svovelkalk var i bruk i Norge for inntil vel 10 år sidan. Det var den gong krav om fornya godkjenning kvart 5. år.

- Men brått var ikkje dokumentasjonen god nok og middelet blei ikkje godkjent lenger. Fleire land i Europa valde å forlenge gamle nasjonale godkjenningar, medan Norge strauk godkjenninga då det kom nye dokumentasjonskrav, seier Sigrid Mogan.

Før jul søkte Norsk Landbruksrådgiving om dispensasjon til å bruke svovelkalk hos norske dyrkarar. Det kom avslag frå Mattilsynet. Avslaget vart påklaga, med ei uttale frå næringa om at produsentane treng og ynskjer middelet – også konvensjonelle produsentar. Klaga vart avslått på formelt grunnlag, då dispensasjon berre kan nyttast til akutte tilfelle.


I dag kan ein bruke svovel (Thiovit) eventuelt i kombinasjon med bakepulver mot skurv, men svovelkalk ville vore eit meir effektivt middel, som hadde gitt færre sprøytingar på våren. I år fekk dei fleste fruktdyrkarane ein turr vår med lite behov for skurvbehandlingar, men i fjor kom regnskurane ofte og ga mange høve for skurvsporane til å spreie seg.

NIBIO har i mellomtida fått i oppdrag om å prøve ut svovekalk i sine feltforsøk, melder forskar Arne Stensvand ved NIBIO. Det tyder på at det opnar seg moglegheiter å få godkjent svovelkalk også i Noreg frå 2021, då fleire land i Europa har dei nye forsøksresultata for svovelkalk klare.

Høge gebyr

-Strategien vidare er å ta utgangspunkt i det som heiter "Liste 2" i "Regelverksveileder for økologisk landbruk" og prioritere dei viktigaste stoffa. Det vert jobba saman med dei som driv grønnsaks- og veksthusrådgjeving i Norsk landbruksrådgiving, held Sigrid Mogan fram.

NeemAzal, som er utvunne av Neem-treet, er det aktuelt å jobbe vidare med, fordi ein har få middel mot insektsangrep. Nordisk Alkali, som har preparatet i Danmark, har uttalt at dei vurderer å søke Neem Azal i Norge, men då i ein vekst med lite areal, for da er gebyret lågare. Dette gjev moglegheit til å søke om utvida bruk til andre vekstar, opplyser Sigrid Mogan.

Dispensasjonar mogleg i naudsituasjonar

Feremonforvirring mot epleviklar er ikkje godkjent i Noreg, men det har vore dispensasjon eitt år når det var venta storangrep av viklarar på Austlandet, og tillatt i forsøk tidlegare. Også for feromonpreparat er det høgy gebyr på ordinær godkjenning, og difor ikkje søkt om i Noreg enno.

– Me er litt usikre på strategien vidare for feromonforvirring, men vil prøve å få det godkjent også i Noreg. I Austerrike brukar også konvensjonelle dyrkarar dette feromonet, for å unngå bruk av sprøytingar, melder Mogan.

 Avstandskrav til vann har auka

Raptol (pyretriner) er no godkjent i Noreg, men ikkje til bruk i frukt. Det vart søkt "minor use" - altså utvida bruk for frukt, avgrensa til økologisk drift - men det vart avslått på grunn av risiko for skadelege effektar på vasslevande organismar. I plantebestandar over 2,5 m, og bruk av tåkesprøyte, er det auka avstandskrav til vann i EU sitt planteverndirektiv.

Raptol er verksam mot insekter og brytest raskt ned i naturen. Tilsvarande preparat har vore brukt som punktsprøyting mot bladlus i frukt i seinare år, men då som eit godkjent hobbypreparat. Raptol er eit yrkespreparat, men det er altså lov å bruke det same verkestoffet i private frukthagar.

Bladlus er eit stort problem i nyplantingar i økologiske fruktfelt. Fibro (parafinolje), olj og grønsåpe er ikkje like effektive som Raptol (pyretrum med olje), som ein i dag kan punktsprøyte med.

Bladlus er eit stort problem i nyplantingar i økologiske fruktfelt. Fibro (parafinolje), olj og grønsåpe er ikkje like effektive som Raptol (pyretrum med olje), som ein i dag kan punktsprøyte med.

Foto: NIBIO / FMHO

Biologiske plantevernmiddel må godkjennast

Nemasys C er ein makroorganisme (nytte-nematode) som alle kan bruke i år. Den skal sprøytast på trestammene etter hausting. Men nematoden krev over 10 grader og fukt i eit døgn etter spreiing, noko som kan vere vanskeleg å oppnå seint på hausten i Noreg. Håpet er at nematoden kan virke mot epleviklar og liten fruktviklar, og NIBIO gjennomfører forsøk med dette middelet i år.

Mikroorganismar (virus – og bakteriepreparat) er også i bruk i andre land. Madex (virus-preparat) mot epleviklere, er til dømes godkjent i Sverige og Danmark, men ikkje i Noreg, det same gjeld for bakteriepreparatet .

- Det er noko underleg at godkjenningspraksis er så ulik i Norden. Dette må det jobbast med politisk av næringa dersom dyrkarane ynskjer det annleis, seier ho.

Dyrkarane må melde behov

Ulike viklarartar kan gjere skade i skalet på eplene og gjer at eplene ikkje kan nyttast. Viklarartene er kjend for å vere eit problem på austlandet, men eit kartleggingsprosjekt i NIBIO ser ut til å finne enkeltartar av viklarar også på vestlandet. Det er få hjelpemiddel mot denne arten i økologisk drift.

Ulike viklarartar kan gjere skade i skalet på eplene og gjer at eplene ikkje kan nyttast. Viklarartene er kjend for å vere eit problem på austlandet, men eit kartleggingsprosjekt i NIBIO ser ut til å finne enkeltartar av viklarar også på vestlandet. Det er få hjelpemiddel mot denne arten i økologisk drift.

Foto: NIBIO / NIBIO

Conserve, med det aktive stoffet spinosad – framstilt frå bakteriar, er eit middel mot insekt. Conserve fekk dispensasjon i 2016 mot epleviklar, for bruk i venta storangrep i Telemark. I ettertid viste det seg det var ein annan art som svermar tidlegare, Liten fruktviklar, som gjorde skade på over 50% av konsumavlinga hjå ein dyrkar med 65 dekar økologiske eple i 2016. Midlet hadde truleg verka dersom det hadde vorte brukt på riktig tidspunkt.

- Vi avventar å gjere meir med Conserve no. Ein kan søke «minor use» i framtida om dyrkarane ynskjer det. Difor er det viktig at rådgjevarane og dyrkarane går igjennom behovet på kvar enkelt gard og melder behov til meg, slik at me kan koordinera søknadane, understrekar Sigrid Mogan.

Nokre få nye middel er godkjende i Noreg frå 2018, blant anna Fibro (parafinolje). Det er godkjent mot frukttremidd, og vil vere ein god erstatning for olje-såpeblandinga som mange dyrkarar har brukt tidlegare.

Minimal risiko for helse og miljø

Midla som blir brukt i økologisk frukt-og bærproduksjon er ikkje framstilt kjemisk syntetisk, men er planteuttrekk, mikroorganismar, oljer eller grunnstoff som verkar mot plantesjudommar (sopp, virus og bakterier) eller mot insekt. Dei er raskt nedbrytbare og gjer sjeldan skade mot nyttedyr, dersom dei vert brukt riktig. EPOK ved Sveriges Landbruksuniversitet, gjorde ein risikovurdering av dei midla som er godkjent i økologisk frukt-bær-og grønnsaksproduksjon i 2017 i Sverige. Dei konkluderte med at midla som vert brukt, eller kan brukast i økologisk frukt – og grøntproduksjon i EU, har låg risiko for skade på menneske si helse og naturmiljø. Dei same konklusjonane ville truleg blitt gitt under norske høve. Les heile rapporten og artikkelen frå lanseringa i denne linken.

 

Publisert 21.06.2018 Sist endra 21.06.2018