Facebook| Twitter Skriv ut

Oppdatert fruktklient skal gje betre prognose

I tida framover skal både pakkeri og grossistar få betre oversikt over kva dei kan vente seg av norsk frukt. Ei forbetring av fruktklienten og betre opplæring gjer at dyrkarane kan registrere alle sine felt, og gje ein prognose på kor mykje dei kan produsere.

PC-programmet Fruktklient er eit verktøy som hjelper dyrkarar, fruktlager og grossist til å halda oversikt, og sikre god dokumentasjon av dyrking, sortering, pakking, og sending av frukt. Programmet er utvikla og laga i samarbeid med fruktlager og fruktdyrkarar. Programmet har vore i bruk sidan 2007, og vert stadig oppdatert når nye behov dukkar opp. Alle fruktpakkeri i Norge brukar fruktklienten.

Foto: Frøydis Linden og Gunnhild Jaastad / FMHO

- Dyrkarane skal også legge inn kva dei reknar med å hauste dei neste to vekene. Då får fruktlager og grossist ein mykje betre oversikt over kva dei kan vente seg av frukt i tida framover. Det tener alle på, meiner forskar Gunnhild Jaastad i NIBIO som saman med Jarle Haustveit ved Hardanger Fjordfrukt har gjennomført prognoseprosjektet.

Føregangsfylket for økologisk frukt og bær tok initiativ til prosjektet det målet var å gjere Fruktklienten til eit betre prognoseverkty. I 2017 vil det bli gjort registreringar i fruktfelt av NLR vest for å kunne sjå om det er mogleg å utvikle ein prognosemodell ut frå feltregisreringar.

 

Historiske data

Dei siste tre åra er det gjort fleire forbetringar i programmet. Blant anna er historiske data gjort tilgjengelege for dyrkaren, slik at han har betre grunnlag for å estimere neste års produksjon. Dyrkaren får etter kvart krav om å leggje inn alle data, derfor har fruktpakkeria gjennomført samlingar for å rettleie dyrkarane.

- Til no har me har stikke fingeren i veret, tenkt på eit tal og så visst kor mykje frukt som kjem, innrømmer Leif Øie på Hardanger Fjordfrukt. Med erfaring har ein ofte råka ganske godt, men ynskjer no å gå over til sikrare måtar å stille prognosar på.

Då prosjektet reiste rundt på seks fruktpakkeri, møtte over 100 dyrkarar fram for å lære om programmet. No er også ein ny manual for Fruktklienten klar til å sendast ut til produsentane.

 

Analyse nyttig for produsent

Men det er ikkje berre grossist og fruktpakkeri som kan nytte av dei nye funksjonane. Ved hjelp av analyseverktøyet kan produsenten kan henta ut mykje informasjon om sin produksjon og samanlikna den med resten av produsentane sin produksjon. Då ser ein om eigen omsetting per dekar ligg over eller under gjennomsnittet for den sorten. Dermed kan ein sjå kva sorter ein bør satse på.

- Ei anna forbetring er at produsentane kan legge inn frukt som er selt direkte frå garden eller levert andre stader enn fruktpakkeriet. Då får ein eit meir korrekt tal på korleis fortenesta er på dei einskilde felta, seier Gunnhild Jaastad.

Figur 1

Figur 1

Foto: Jarle Haustveit / Hardanger Fjordfrukt

 Er skrifta i biletet vanskeleg å lesa? Råd: Høgreklikk på biletene og opne dei i eigen fane.

Figur 2

Figur 2

Foto: Jarle Haustveit / Hardanger Fjordfrukt

Figur 1 viser ein produsent sin produksjon av Reeves og figur 2 viser produksjon av Mallard i tida 2013 til 2016. I 2015 hadde produsenten ei omsetning på kr 62.000 pr dekar på Reeves, men berre kr 1.490 pr dekar for Mallard. Snittet for alle produsentane på dette fruktlageret var kr 4.604 pr dekar for Reeves, og kr 1.983  for Mallard. Det er innlysande at denne produsenten bør satsa på Reeves produksjon.

 

Viktig for økologisk frukt

- Rett prognose med mengder og tidspunkt for levering er viktig for fruktlager og for grossist som skal planleggje pakking og sal av varene. Det er spesielt viktig for økologiske varer for å kunne få seld all økologisk frukt som kjem til lageret, som økologisk i marknaden, seier Jarle Haustveit.

Den første prognosen vert vanlegvis utarbeida og sendt inn 1. juli kvart år. Utover i sesongen vert prognosen justert av tilbakemeldingar frå produsentane.

 

Artikkelen er skriven av Mikkel Aanderaa for Føregangsfylke økologisk frukt og bær.

Publisert 11.05.2017 Sist endra 11.05.2017