Facebook| Twitter Skriv ut

Lukkast i Lier med økologisk ribesdyrking

Nøkkelen til økologisk bærdyrking er å vere mykje ute i hagen og oppdage skader tidleg, meiner Grzegorz Kedzior som er gardsstyrar på Østre Enger i Sylling. Han har ansvaret for at bærbuskar på 250 dekar produserer gode og innbydande solbær, stikkelsbær, bringebær og rips.

Av Mikkel Aanderaa for Føregangsfylke økologisk frukt og bær

Bærgården Østre Enger gård ligg på morenen sør for Holsfjorden, omkring 120 meter over havet. Sylling og Lier har eit gunstig klima og stort miljø for å dyrke frukt og bær. Garden har hatt delar av produksjonen økologisk i over 20 år. I år er rundt 100 dekar dyrka økologisk, noko kundane veit å verdsette. Bærgården AS er eigd av Kari Enger og Morten Utengen.

Grzegorz Kedzior er på nok ein runde for å sjå korleis det står til på garden. Han har jobba her i 18 år og veit kva som skal til for å lukkast.

- Ein må like å vere ute. Det er viktig å heile tida sjekke kva som har skjedd blant bærbuskane. Ein må vere god til å finne nye ting.

Grzegorz Kedzior er gardsstyrar på Østre Enger i Sylling. På den konvensjonelle drifta brukar dei mange av dei same prinsippa som på den økologiske delen.

Grzegorz Kedzior er gardsstyrar på Østre Enger i Sylling. På den konvensjonelle drifta brukar dei mange av dei same prinsippa som på den økologiske delen.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

På Østre Enger likar dei alltid å prøve noko nytt. I år skal eit nytt biologisk preparat mot sopp, Serenade, testast ut. Elles brukar dei svovel mot mjøldogg, kopar mot bladfallsopp og bladflekksopp og olje og grønsåpe mot bladmidd.

Rett balanse

På dei daglege turar i hagen ser han etter hol i blad eller rare insekt. Då må han sjekke kva det kan vere. Er det nyttedyr?

- For å lukkast i økologisk dyrking må det vere rett balanse mellom skadedyr og nyttedyr. Ein må heile tida sjå etter symptom og starte tidleg med å sette inn tiltak. Utviklar det seg for mykje, så er det ikkje lett å gjere nok. Vi veit av erfaring at ein del skader vil kome, da må ein ligge i forkant, meiner Grzegorz.

Økobær til grossist

Dei økologiske bæra frå Bærgården er populære. Privatpersonar køyrer langt og kjem igjen år etter år for å kjøpe økologiske bringebær, solbær og rips. Dei siste to sesongane har grossistane også fått augene opp for øko-bær. I år blir det tredje sesongen med leveringar av økologiske varer til Bama.

Kvifor satsar de på økologisk dyrking?

- Miljø og helse er viktig for oss. Vi vil bruke minst mogleg skadelege stoff i produksjonen vår. Derfor kuttar vi ut det som trengs, også i den konvensjonelle dyrkinga vår, seier han.

Plantar på duk

For å unngå ugras under bærbuskane blir det meste planta på Mypex-duk. Det stoppar ugraset, men gjer det også vanskelegare med gjødsling og vatning. Hovudgjødslinga skjer på sidan av duken, i tillegg får kvar plante litt gjødsel i holet ved rota. På dei nyaste felta er det lagt dryppslange under duken for å gje nok vatn til plantene.

Bærbuskane blir planta på Mypex-duk. Då slepp ein problem med ugras. Duken blir sopa grundig for å unngå at ugraset etablerer seg oppå duken.

Bærbuskane blir planta på Mypex-duk. Då slepp ein problem med ugras. Duken blir sopa grundig for å unngå at ugraset etablerer seg oppå duken.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Også konvensjonell dyrking har Østre Enger planta på duk. Det kostar meir i etablering, men dei sparer utgifter til sprøytevæske og mekanisk arbeid.

Rette sortar

Dei ulike bær-sortane har ulike utfordringar i økologisk dyrking. Stikkelsbær fungerer godt, men ein må velje rett sort for å unngå mjøldogg. Solbær fungerer greit, men ein bør vere heldig med været sidan gråskimmel er ei utfordring om det kjem mykje regn i bløminga. Mest krevjande er dyrking av økologiske bringebær. Det krev mest investering sidan dei må ha regntak over seg om ein skal lukkast.

Bær til konsum blir hausta for hand på garden. Berre solbær til industri blir hausta med maskin.

Fann løysingar

Rådgjevar Sigrid Mogan i NLR Viken har vore knytt til Østre Enger i snart 20 år. Ho hugsar spesielt då dei sleit med å finne årsaka til store skader av bladflekksopp i solbær. Ekspertar meinte at smitta låg i gamalt lauvverk.

- Det blei prøvd både med flammer for å brenne lauv og bladoppsamling i stor stil. Eg låg på kne og talde flekkar på bladverket, men problemet var like stort som i kontrollfeltet.  I samarbeid med Arne Stensvand ved NIBIO fann me til slutt ut at smitten sat i stilkane som sat igjen etter maskinell hausting, hugsar Sigrid Mogan. Løysinga blei å sprøyte med koparkalk og seinare Nordox. Då blei det slutt på problema.

På garden fann dei ut at eit finmaska nett rundt bringebærbuskane kunne stoppe bringebærbille.

På garden fann dei ut at eit finmaska nett rundt bringebærbuskane kunne stoppe bringebærbille.

Foto: Sigrid Mogan / NLR Viken

På garden har dei vore flinke til å løyse problem knytt til økologisk dyrking. Blant anna fann dei ut at finmaska nett rundt tunnelane med bringebær kunne stoppe bringebærbille frå å legge egg i bløminga.

- Dei har vore modige til å satse og har verkeleg fått det til, skryt Sigrid Mogan.

Publisert 23.06.2017 Sist endra 23.06.2017