Facebook| Twitter Skriv ut

Gler seg til robotar i frukthagen

Forventingane var store då fruktnæringa møtte utviklarane bak jordbruksroboten Thorvald på Ås i slutten av november. Om få år kan robotar ta seg av tidkrevjande oppgåver hos fruktdyrkarane.

Av Mikkel Aanderaa

Dyrkarar, rådgjevarar, forskarar og forvaltninga var invitert til å diskutere kva oppgåver roboten Thorvald kan få.

Dyrkarar, rådgjevarar, forskarar og forvaltninga var invitert til å diskutere kva oppgåver roboten Thorvald kan få.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Roboten Thorvald er utvikla ved NMBU på Ås og blei i sommar blant anna testa ut i eit jordbærfelt i Sylling i Buskerud. Der stråla han jordbærplantene med ultrafiolett lys for å hindre større angrep av meldugg.

I fruktnæringa er det er mange argument for å utvikle robotar:

• Klimaet er i endring – det blir fuktigare og meir ekstreme nedbørsperioder.
• Tunge landbruksmaskiner er ikkje eigna i bratt terreng på Vestlandet.
• Mykje manuelt arbeid i frukthagane og i periodar er det behov for mange arbeidsfolk.

Robotidear i Lego

Arrangementet i Vitenparken på Ås var ei felles satsing av prosjekta «Forsk Smart» og «Foregangsfylke økologisk frukt og bær». Dei inviterte produsentar frå alle fruktdistrikta samt rådgjevarar, forskarar og forvaltninga til å lage skisser til prototypar for «fruktrobotar» som skal arbeide i frukthagane. Målet var å utvikle idear til robotutstyr som kan koma på marknaden innan 2-3 år og nokre langsiktige prosjekt kor eit større utprøvingsarbeid må til i kombinasjon med kamerateknologi.

Ein robot som skal kartlegge ulik informasjon i hagen og sende data til dyrkaren, var ein av ideane i arbeidsgruppene.

Ein robot som skal kartlegge ulik informasjon i hagen og sende data til dyrkaren, var ein av ideane i arbeidsgruppene.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Kjetil Lerfall var med på ei gruppe som laga ein lego-robot med kamera.
- Vi tenker oss ein robot som skal kartlegge hagen og sende signala inn for å vurdere om det er på tide å sprøyte, seier han.

Fruktdyrkar Harald Alvavold var mest oppteken av å bruke teknologien til å få jamn avling kvart år.
- Kunne ein bruke kamera-teknologi og tekniske hjelpemiddel til å få trea til å bere like mykje frukt kvart år, då hadde eg lukkast som fruktbonde, seier han.

Ole Christoffer Røste meiner at spesielt økologiske produsentar kan dra nytte av robotar.
- Den økologiske produksjonen er ofte meir arbeidsintensiv enn den konvensjonelle, spesielt med tynning og ugrashandtering. Der kan ein spare mykje arbeidstid med robotteknologi.

Lettare maskinar

Jørund Grønsnes meiner det er mogleg å slå gras og fjerne ugras automatisk i nær framtid.

- I framtida ynskjer eg meg ein robot som kan sprøyte automatisk og meir målretta, slik at me sparar både køyring og sprøytevæske. På vestlandet er det både bratt og blaut og utfordrande å køyre ein vanleg traktor, så eg ser eit kolossalt potensiale i ein lett robot som kan køyre under alle slags forhold (kanskje og nattestid?!) utan å øydelegge grasdekket.
Professor Pål From som leiar robotutviklinga ved NMBU tok med seg innspela frå workshopen. Han ser for seg mange ulike oppgåver i frukthagen i åra framover.


- I starten kan det bli oppgåver som å transportere kasser. Vi ser også for oss at Thorvald kan hente inn data for å estimere avling. Truleg kan han fortelje når frukta blir mogen og kor mange haustarar som må til.


På litt lenger sikt trur ein at robotar kan gjere meir avanserte oppgåver som tynning, hausting og presisjonssprøyting. Det er berre fantasien som set grensene.

Robust og driftssikker

Dei største utfordringane er nok å få roboten ut til bøndene. Mykje av teknologien er der så det er berre å få den opp på eit nivå som er robust slik at Thorvald kan vere med i dagleg drift.

- Dette kjem til å kome veldig fort, eg trur vi ser robotar ute i drift innan veldig få år. Om 5-10 år trur eg me ser veldig mange robotar ute på norske og internasjonale gardar. Det er mange prosjekt omkring i verda som har som mål å hauste frukt med robotar som har kome veldig langt. Kommersielt tar nok det 3-5 år før vi ser dei første modellane i drift – kanskje 10 år før vi ser storskala bruk av robotar for innhausting, seier Pål From.

Ellen Altenborg i Saga Robotics synes workshopen var spennande og har tatt med seg innspela frå fruktnæringa. No startar jobben med å få konstruert utstyret som skal gjere jobben ute i frukthagen.

- Om det er nokon som kan lage utstyret for oss, så er det flott. Men vi lagar det også sjølv om det blir nødvendig, seier Ellen som også treng stader å teste ut utstyret over tid for å sjå at det fungerer.

- Om det er nokon som kan lage utstyret for oss, så er det flott. Men vi lagar det også sjølv om det blir nødvendig, seier Ellen som også treng stader å teste ut utstyret over tid for å sjå at det fungerer.

Foto: Frøydis Linden / FMHO

Også ho ser klipping av gras og automatisk frakt av kasser som det enklaste prosjektet. Det kan kanskje bli testa ut i 2018 med ein prototyp. Men Ellen er også utolmodig etter å bruke teknologien til å samle inn data frå frukthagen. Alt i 2018-sesongen ynskjer ho å bruke ein av dei 12 robotane dei har til å samle data gjennom heile sesongen.


- Deretter må vi bruke god tid på å analysere datamengdene slik at dei kan brukast til noko. Dermed kan roboten også lære betre kva den skal sjå etter, seier Ellen Altenborg.

Forsk Smart er pådrivar for teknologiutvikling

Strategigruppa Forsk Smart, som jobbar for å få opp arealeffektiviteten i norsk fruktproduksjon, er ivrige til å bidra for å få fart på teknologiutvikling til nytte for næringa. I løpet av vinteren vil dei saman med Ellen og Pål invitere næringa og anna FoU-kompetanse med for å etablere konkrete prosjekt som skal vidareutvikle ideane som kom fram på workshopen.


- Eg gler meg til framtida som fruktdyrkar, avsluttar leiar i Forsk Smart Kjetil Lerfall

Publisert 21.12.2017 Sist endra 21.12.2017