Facebook| Twitter Skriv ut

Stor jordbærprodusent satsar økologisk

Simen Myhrene er ein av dei største jordbærprodusentane her i landet med produksjon både i Lier og i Grimstad. Det førre økoprosjektet måtte han gje opp fordi marknaden forsvann med finanskrisa. Nå har han igjen tru på at kundane er klare for økologiske jordbær.

Av Mikkel Aanderaa for Føregangsfylke økologisk frukt og bær

Alt i 2006 blei det sett i gang økologisk jordbærdyrking på garden Sylling Vestre i Sylling, øvst i Lierdalen. Dyrkinga gjekk fint og det kom flotte jordbær på plantene. På nabogarden dreiv dei stort med økologiske salatar.  Men i 2008-2009 kom finanskrisa og etter kvart forsvann marknaden. I 2012 ga Simen Myhrene opp den økologiske produksjonen av jordbær.

Men nå er han klar igjen og har planta 30 mål økologiske jordbær under tak.

–       Eg trur økologiske jordbær er veldig ettertrakta. Det er stort fokus på plantevern, spesielt på jordbær som tradisjonelt blir sprøyta mykje. Eg driv også med salat, der sprøyter vi bare ein gang i blant. Jordbær er ein vare du puttar rett i munnen utan foredling som koking eller vasking. Da er folk litt meir opptekne av kva som er på bæra, seier han.

Simen Myhrene er sikker på at han skal få til dyrkinga av økologiske jordbær berre marknaden vil ha dei.

Simen Myhrene er sikker på at han skal få til dyrkinga av økologiske jordbær berre marknaden vil ha dei.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Rein mat

Marknaden har endra seg dei siste åra med meir fokus på økologiske varer. Rein mat er viktig for mange og folk er meir bevisst på det. 

–       Det som triggar meg mest, er at marknaden vil auke, seier Simen Myhrene som samtidig ser at økologisk og konvensjonell dyrking har nærma seg. Utvalet av plantevernmiddel til bruk i konvensjonell dyrking er nå veldig lite.

Dyrkinga er han trygg på at han skal få til. Sist gang hadde han faktisk nokre år med høgare avling på økologisk enn på konvensjonelle jordbær. Ein teori er at planta blir stressa av soppmiddel og at vokslaget på blada blir tynt. Da er det lettare for lus og sugande insekt å kome til på konvensjonelle planter.

Opp frå bakken

Jordbærplantene på Sylling Vestre blir nå importerte frå Nederland, og dei har veldig mykje betre avlingspotensiale. Medan produksjonen før skjedde utandørs på friland, skal plantene nå inn i tunnellar opp frå bakken. Såkalt ”Table top”. Dermed treng ein ikkje å flytte tunnelane rundt og kan dyrke alt på same stad heile tida. Da går utgiftene ned.

Dei konvensjonelle bæra i ”Table top” blir dyrka i kokos. I økologisk dyrking står plantene i torv tilsett hønsemøkk.  Gjødslinga skjer gjennom dryppvatning med Pioner økologisk flytande gjødsel.

Målet er å produsere 1000 kg økologiske jordbær om dagen i 90 dagar.

Målet er å produsere 1000 kg økologiske jordbær om dagen i 90 dagar.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Utfordringar med gjødsel

Utfordringa er å få tilført nok nitrogen til plantene sidan det er reglar for kor mykje nitrogen ein kan bruke per kvadratmeter.

–       Normen er for liten, så vi jobbar med å finne langtidsverkande gjødsel som vi kan blande inn i torva. Så kan vi eventuelt tilføre fastgjødsel under vegs. Det er lite kunnskap rundt det, men vi skal nok få det til, seier Simen Myhrene.

Raskt i butikk

Så godt som alle jordbæra frå produksjonen hans går nå til grossist. BAMA vil gjerne ha økologisk, men bæra er ikkje like haldbare som dei konvensjonelle og må helst omsettast same dag som dei blir plukka.

–       Alternativet er å plukke bæra lyse og det er eg ikkje særleg glad for.

Øko-produsentane som leverer til BAMA får same pris per korg som dei konvensjonelle. Men det er bare 350 gram i korga i staden for 500 gram, så kiloprisen blir høgare. I teorien er det 30 prosent høgare pris, men i praksis er det ein del høgare emballasjekostnader.

Det var særleg to ting som var utfordrande med økologisk dyrking tidlegare; bæra var lite haldbare og prisen var låg.

–       I juli kunne det vere kampanjar på konvensjonelle bær til 19.90 og 24.90. Ved sidan av stod økologiske bær frå dagen før til 49.90. Da er det ikkje lett, seier jordbærdyrkaren.

Lang sesong

Nå satsar Simen Myrene på ein lengre sesong med både konvensjonelle og økologiske bær. Han har som mål å levere 5000 kg per dag i 90 dagar. 1000 kg av dette skal vere økologisk. Frå 10. juni til 10. september er det toll på import av jordbær, da blir det norsk sesong. Med ein flat produksjon er det lettare å få stabil bruk av arbeidskrafta.

 

Men denne gangen har Simen Myhrene meir lyst til å profilere dei økologiske bæra sjølv enn at dei skal vere anonymiserte i kjedene sine øko-merke.

–       Småforretningane for økologiske varer i Oslo er heilt ville etter økologiske bær. Dei køyrer hit til Sylling bare for å kjøpe fem kasser. Derfor har vi det ikkje så travelt. Når vi først mestrar produksjonen kan vi heller selje i spesialforretningar.

Eige varemerke

Det mest effektive er ”table top”-dyrking. Plantene står da i torv og får tilført nitrogen gjennom gjødselvatning.

Det mest effektive er ”table top”-dyrking. Plantene står da i torv og får tilført nitrogen gjennom gjødselvatning.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Han er ikkje heilt fornøgd med prisen for økologiske bær sidan han kanskje bare får 60 prosent avling i ”table top”-dyrking.

–       Eg meiner at 30 prosent ekstra er for dårleg. Og da er det ikkje så interessant. Det er derfor eg ynskjer å ha mitt eige namn på det, for da kan eg også vere litt hardare på prisen. Vil dei ikkje betale prisen eg vil ha, så får du ikkje økologisk. Da pakkar eg bare som konvensjonelle. Det er alltid for lite konvensjonelle bær i marknaden til ei kvar tid, så det blir alltid utselt, hevdar Myhrene.

Det er også interesse for norske bær i Sverige og Danmark. Der kan prisen ofte vere fem kroner høgare per korg enn her i landet. Han leikar derfor også med tanken om eksportere norske jordbær.

–       Ser du for deg meir enn 1000 kg om dagen om du lykkast?

–       Om vi greier det, er det ikkje noko i vegen for at all produksjon vår er økologisk. Men da må alt under tak, seier jordbærbonde Simen Myhrene.

Publisert 07.09.2017 Sist endra 07.09.2017