Facebook| Twitter Skriv ut

Smaken av eple og sider

Smaken av eple og sider var eit arrangement på Vitenparken den 17. oktober på Ås. Dei fekk tilhøyrarane  eit innblikk i tradisjonell produksjon av sider i Noreg, i moderne og historisk form. I denne artikkelen vil du sjå to videoforedrag og kunne sjå presentasjonane føredragshaldarane framførde for godt og vel 50 tilhøyrarar.

Lærte alt om siderhistoria

Lurar du på kva eple som er best til siderbrygging? Eller kva som finst av sidertyper i Europa, og korleis du skal jobbe for å balansert smaken i sideren du vil lage? Då kan du få dette gjennom å besøke Ciderhuset i Balestrand. 

Økologisk epleproduksjon med moderne tettplantingar

Marianne Bøthun produserar økologiske eple i Fresvik i Sogn er fruktrådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving Vest. Ho fortel om kva ho gjer for å dyrke økologiske eple på sin gard.

Er du interessert i praktisk produksjon av økologiske eple og plomme, kan du laste ned manualar for dyrking av tettplantingar her, økologisk og konvensjonell produksjon.

 

PROGRAM FOR 17. OKTOBER

SMAKEN AV EPLE OG SIDER 

foredraga kan lastast ned nedst på sida eller til høgre på denne sida.

14.00 Sortsutvikling og sortsmangfald i norsk epleproduksjon – eit historisk tilbakeblikk med smaksprøver på ulike eplesortar v/Finn Måge, professor (emeritus) NMBU.

15.00 Økologisk epleproduksjon med moderne tettplantingar v/ Marianne Bøthun, produserar økologiske eple i Fresvik og er fruktrådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving Vest.

16.00 Regulering av gjæringsprosessen under siderproduksjonen – ein teoribit om bitterstoff, nitrogen, sukker, syre i sidersettinga v/Trude Wicklund, førsteamanuensis ved Fakultet for kjemi, bioteknologi og matvitenskap, NMBU.
LENKE TIL OPPTAKET AV FOREDRAGET

17.30 Smaking av sider laga på ulike måtar, kunnskapsrik formidling om økologisk siderproduksjon og korleis ein kan få fram smakskarakter i denne «nordiske sjampanjen» v/ Åge Eitungjerde frå Siderhuset i Balestrand og dagleg leiar av Balholm (balholm.no).

Arrangementet var eit samarbeid mellom Økologisk foregangsfylke for frukt og bær (Hordaland og Sogn og Fjordane) og Vitenparken Campus Ås i forbindelse med utstillingen «Matens opprinnelse».

Publisert 14.11.2017 Sist endra 14.11.2017