Facebook| Twitter Skriv ut

Rettleiarar for jordbærproduksjon

Dei beste erfaringane frå både økologisk og konvensjonell (IPV) av jordbær, har no vorte samla i kvar sine rettleiarar. Dyrkingsrettleiarane er utarbeidd av erfarne rådgjevarar i Norsk Landbruksrådgjeving (NLR).

Foto: Jan Karstein Henriksen / NLR Agder

Norsk jordbærproduksjon er i stor endring: Auka import av jordbær endrar kvalitetskrav og preferansar til norske forbrukarar, resistensbygging og uforutsigbar nedbør skapar trong for haustetak eller tunnellar til norsk produksjon av konsumbær. Rettleiarane losar produsentar igjennom dei viktigaste fallgruvene, vegar til dyrkingssuksess, og gir grunnlag for gode detaljdiskusjonar med bærrådgjevarane i NLR

Trykt utgåve av rettleiaren for konvensjonell jordbærproduksjon kan kjøpast frå lokal rådgjevar i NLR.  Pris kr 200 + mva. Ved forsendelse kommer porto i tillegg.

Rettleiarane finst på nett og kan fritt lastast ned og nyttast med referanse til forfattarar og eigarar av dyrkingsretteleiarane. Du kan laste dei ned på denne nettsida.

Rettleiarane finst på nett og kan fritt lastast ned og nyttast med referanse til forfattarar og eigarar av dyrkingsretteleiarane. Du kan laste dei ned på denne nettsida.

Foto: Frøydis Linden / FMHO/NLR

Økologisk produksjon

Økologisk jordbærproduksjon til konsum bør truleg inn i tunell eller anna form for tak i framtida, for å kunne handtere soppangrep og sikre god haustekvalitet. Eit grundig dokumentert erfaringsprosjekt på Agder viste at med riktig sort i tunnellproduksjon, så vil ein kunne få god økonomi økologisk jordbærproduksjon, dersom ein kan oppnå 25% meirpris. Førebels resultat frå to bruk på Agder og omsetjing lokalt, viser at dette er mogleg å oppnå fornuftig økonomi i økologisk jordbærproduksjon, dersom både dyrkingsstrategi og marknadsarbeid er godt førebudd og gjennomført.

Linkar:
- erfaringane frå tunnelldyrking i Agder
- rettleiar frå Sverige i økologisk jordbærproduksjon 

IPV og plantevern i jordbærproduksjon

Sigrid Mogan er kontaktperson for å få kjøpt Plantevernplanen for integrert og økologisk frukt-og bærproduksjon i NLR, då desse opplysningane ikkje er diskutert i detalj i rettleiarane. Den er gatis for alle frukt- og bærmedlemmar i NLR, andre interesserte må betale kr 500 + mva + porto.

Det er også lansert ein rettleiar for førebyggande strategiar i jordbærproduksjon, utarbeidd av NIBIO i samarbeid med NLR. Denne er relevant for både IPV produksjon og økologisk drift, og kan lesast her...


Nye produksjonstrendar

Nokre erfarne jordbærprodusentar er i ferd med å teste ut produksjonsklare plantar i dyrkingsmedium – ein så kalla table-top produksjon i drivhus eller tunellar. Denne produksjonsformen er ikkje skildra i rettleiarane, men erfaringar frå denne produksjonsformen vert truleg formidla om nokre år.

 

Publisert 29.05.2017 Sist endra 29.05.2017