Facebook| Twitter Skriv ut

Kompost styrkar mikrolivet i jorda

- Det er sterkt vanedannande å lage kompost, hevdar Bjørge Madsen ved Skjærgården gartneri i Åsgårdstrand. Han er heilt hekta på kompostering og produserer store mengder til eige bruk. Fleire og fleire får no augene opp for å forbetre jorda si med gardsprodusert kvalitetskompost.

Av Mikkel Aanderaa for Føregangsfylke økologisk frukt og bær

Det meste av organisk material og gjødsel kan i utgangspunktet komposterast. Spesielt i økologisk dyrking, kor kunstgjødsel ikkje er lov å bruke, treng ein aktive mikroorganismar i jorda for å gjere næringa tilgjengeleg for plantene. Organisk materiale hjelper til med å regulere både næringstilgangen og vasstransporten i jorda.

Ranken må vendast kvar dag i starten og det blir dagleg tilført planterestar. Dei er vanskelege å finne igjen dagen etter.

Ranken må vendast kvar dag i starten og det blir dagleg tilført planterestar. Dei er vanskelege å finne igjen dagen etter.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Det mest effektive er å legge opp ranker med husdyrgjødsel og spe på med matavfall og strukturateriale som t.d. flis. Rankene må vendast jamleg i starten for å få komposteringa i gang. Dei fyrste 14 dagane kvar dag, deretter når temperaturen rundar 55 grader neste vekene. Blir temperaturen for høg er det fare for å drepe dei gode mikroorganismane.

Rundt seks veker tar det å få ein god kompost på den måten. Det mest effektive er å bruke ein kompostvendar bak traktoren og køyre svært sakte over. Då sikrar ein god lufttilgang under heile komposteringa. Ein kompostvendar kostar rundt 140.000 kroner.

Rett temperatur

Mattilsynet krev at du melder ifrå når du skal kompostere meir ein eitt tonn. Då er det blant anna også krav om å måle temperaturen i komposten jamleg for å sikre at den har hatt høg nok temperatur over ei viss tid. Då er ein sikra at ugrasfrø og sjukdomsorganismar døyr.

I starten av juni arrangerte Føregangsfylke økologisk frukt og bær saman med NLR eit inspirasjons-seminar på Gvarv for å få fleire fruktbønder til å starte med kompostering på garden. Fruktgardar med stiv leirjord eller andre problem med jordstruktur, vil ha god hjelp av kompost som jordforbetrar. Det er få eller ingen med fruktproduksjon som driv gardskompostering, og ein måtte difor hente erfaringar frå korn – og grønsaksproduksjon.

Betre jordstruktur

Helge Rivrud frå Sigdal produserer eigen kompost av husdyrtalle for å bruke på korn- og grasarealet på garden. På garden var det einsidig korndyrking sidan 50-talet. Leirjorda ville ikkje gje avling utan kunstgjødsel og bonden innsåg at han måtte gjere noko med jordstrukturen.

- Nabostallane dumpa gjødsel i skogen. Då fekk eg ideen om å heller tilføre den til jorda mi, seier Helge Rivrud. Han starta opp med kompostering og har sett gode resultat - spesielt på dårleg jord med stagnert vekst og dårleg drenering.

Oppskrifta hans er i hovudsak 1/3 hestemøkk, 1/3 talle frå storfe og ein 1/3 grovfor/grønsaksavfall som blir lagt opp i ranker. Litt nyslått gras gjev meir næring i blandinga og dermed raskare auke i temperatur og kompostering.

Etter seks veker spreier han komposten ut.

- Då tåkelegg eg heile jordet, så det tyder på at det er stor aktivitet i den.

Han har 500 dekar dyrka mark med mykje grønsaker på friland, 70 storfe og 170 vinterfôra sauer på garden.

- Komposten er eit løft for meg som jordbrukar, seier han ivrig.


Avfallsproblem

På Skjærgården gartneri i Åsgårdstrand er det også full aktivitet på kompostplassen. Tre stallar i nærområdet ynskjer å bli kvitt hestemøkka og kjem jamnleg med store lass som blir lagt ut i ranker. På gardspakkeriet blir det kvar dag produsert to store traktortilhengarar med grønsaksavfall som blir lagt oppå rankene. Dette blir vendt med kompostvendaren for å halde prosessen i gang.

Gartneriet har i mange år dyrka grønsaker på friland. Men etter kvart blei jorda skrinn og utarma.

Bjørge Madsen ved Skjærgården gartneri er sterkt engasjert i komposteringa på gartneriet.

Bjørge Madsen ved Skjærgården gartneri er sterkt engasjert i komposteringa på gartneriet.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

- Vi hadde også eit avfallsproblem med avkappet frå pakkeriet. Då var det nærliggande å starte med kompost, seier Bjørge Madsen.


Vekstauke

Komposteringa skjer frå juni til november kvart år. 8-10 ranker ligg etter kvarandre på komposteringsplassen. Likevel er det ingen lukt. Ein av dei tilsette startar opp traktoren og køyrer kompostvendaren gjennom ein av rakene. Helst skal han køyre så sakte som råd.

- Vi starta med å spreie to tonn per dekar. Då såg vi auke i vekt og rotutvikling på grønsakene våre. Vi hadde også eit aukande sjukdomsproblem i dyrkinga, derfor måtte vi så meir enn vi hadde bestillingar på for å vere sikker på å ha nok grønsaker. No klarar vi oss med mindre areal, seier Bjørge Matsen engasjert.

All jorda på Skjærgården gartneri har fått tilført store mengder kompost for å betre jordstrukturen. Det fører til at avlinga aukar og sjukdomane minkar.

All jorda på Skjærgården gartneri har fått tilført store mengder kompost for å betre jordstrukturen. Det fører til at avlinga aukar og sjukdomane minkar.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Dei også bygd eit anlegg for å produsere biokull på gartneriet. Det skal også brukast til jordforbetring i kombinasjon med komposten.

Erfaringar i forsøk

Kompost har vist gode resultat i grønsaksdyrking. Førebels forsøk i Lier viser at det er vanskeleg å måle resultat i fleirårige kulturar som frukttre. Truleg er det avhengig av kva metodar ein brukar for å måle effekten av kompost og tilførsel av organisk materiale. Fleirårige kulturar som frukttre har vekselbering og andre dyrkingstekniske utfordringar som påverkar avlingsresultata, så truleg må ein måle avlingseffekt i fleire år enn i dei tre åra prosjekt normalt varer.

Link til dansk artikkel om kompostdag for produsenter av hagebruksvekster.

Les meir om kompostering til frukt - og bær kulturar her…

Publisert 23.06.2017 Sist endra 23.06.2017