Facebook| Twitter Skriv ut

Sørlandsbønder har knekt koden for økologiske jordbær

Det går fint å dyrke økologiske jordbær i Norge - dersom ein gjer det under tak. Tunnel er sjølve koden dersom ein vil ha ei stabil avling uansett vêr, meiner rådgjevar Jan Karstein Henriksen i Norsk Landbruksrådgiving Agder (NLR). På Sørlandet har to dyrkarar vist at dei kan vere leveringsdyktige.

Av Mikkel Aanderaa for Føregangsfylke økologisk frukt og bær

NLR og Føregangsfylke for økologisk frukt og bær inviterte midt i mai til markdag for å vise nye dyrkarar korleis to ferske produsentar får til å levere økologiske jordbær med høg kvalitet til BAMA. Kjell Magne Larsen i Lyngdal og Brit Mjåland i Marnadal har båe satsa på jordbær og får god oppfølging av Jan Karstein Henriksen. Han har lagt mykje arbeid i å finne ut kva som skal til for å lukkast.

Rådgjevar Jan Kartsein Henriksen viser fram feltet til Kjell Magne Larsen (t.v). Her håpar han på 2000 kg bær per dekar i år.

Rådgjevar Jan Kartsein Henriksen viser fram feltet til Kjell Magne Larsen (t.v). Her håpar han på 2000 kg bær per dekar i år.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO


To sortar

Det er i hovudsak to sortar som har vore i bruk for økologisk dyrking på Sørlandet; Remonterande Rondo og Sonata. Rondo kan ha fleire avlingar i året og vil gje bær heilt til frosten kjem. Sonata har bare ei avling. Av dei to er Rondo best på smak, med Sonata er mest haldbare etter at dei er plukka. Dei kan halde opp til ei veke i kjøleskap. Rondo skal normalt gje den største avlinga. I dei økologiske utprøvingane i 2007 til 2012 kom også Polka godt ut og fleire nye sortar bli nå prøvd ut. Aktuelle sortar må gje god avling og vere sterke mot mjøldogg.

- For meg passar Sonata best sidan eg då kan vere ferdig med sesongen på 6-7 veker, seier Kjell Magne Larsen som planta det fyrste feltet for to år sidan. Mjølkebonden har lært mykje dei siste åra.

Lovande i år

I fjor forsvann mykje av avlinga av Rondo på grunn av mjøldogg. Grunnen var truleg for dårleg oppfylging med Thiovit. I år satsar Kjell Magne Larsen på å vere litt meir på hogget lære av feila frå i fjor. Han har Sonata under duk om våren for å få tidlege bær og verne mot frost.
- Det var mykje grønt på plantene i vinter, men det ser lovande ut, seier han og viser fram feltet til nysgjerrige potensielle økodyrkarar.

Kjell Magne Larsen har satsa på økologiske jordbær i Lyngdal. Det meste av avlinga blir levert til grossisten BAMA.

Kjell Magne Larsen har satsa på økologiske jordbær i Lyngdal. Det meste av avlinga blir levert til grossisten BAMA.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Helga Bonden Lund har reist frå Sandefjord til Lyngdal for å sjå korleis sørlandsbøndene lukkast. Ho har overtatt slektsgarden og vurderer nå å starte med økologisk jordbær.
- Eg vil ha ein open og levande gard der folk kan kome på besøk og kjøpe bær. Dei skal vere friske og sunne, meiner Helga som har planta 500 kvadratmeter med jordbær no, og planlegg å plante meir til neste år.

Helga Bonden Lund er nysgjerrig på økologisk jordbærdyrking. På garden i Sandefjord har ho alt planta 500 kvadratmeter, men ho har jord til mykje meir.

Helga Bonden Lund er nysgjerrig på økologisk jordbærdyrking. På garden i Sandefjord har ho alt planta 500 kvadratmeter, men ho har jord til mykje meir.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Ein jordbærdyrkar kan ikkje ligge på latsida om resultatet skal bli bra. Heile sesongen må ein fylgje med for å ta problema tidleg. Økologiske dyrkarar har ikkje så mange preparat å sprøyte med, men Thiovit (svovel) er lovleg å bruke. Det sprøytar han ut kvar tiande dag, i tillegg får Sonata bladgjødsling med jern. Serenade blir bruka mot gråskimmel og Sluxx mot sniglar. I tillegg blir det sett ut rovmidd minst to gonger per sesong for å halde skademidd under kontroll.

Kamp mot sjukdom

Utfordringa i økologisk jordbærdyrking er å få friske bær fram til forbrukar. Det er ein kamp heile vegen mot ulike soppar og midd. Utan tak på frå bløming til hausting, så har eg ikkje sjans, trur eg, seier jordbærbonden i Lyngdal. Men tunnel er heller ikkje heilt problemfritt. Det gjev ei utfordring med mjøldogg igjen, så ein bør ha ein sort er sterk mot det.
- Det ser veldig bra ut nå, vi får håpe det ser like bra ut når bæra modnast. Det er tidleg i sesongen enno. Eg hadde litt problem i fjor, men eg satsar på at det går betre i år.

- Kvifor dyrkar du økologisk?
- Eg vil gje dei som kjøper bæra reine bær. Dei får sikkert nok sprøytemiddel i seg uansett kva dei et. No har dei sjans til å få noko som er heilt reint. Det er med godt samvit eg kan selje bær.

God oppskrift

Kjell Magne Larsen oppmodar gjerne andre til å satse på økologiske jordbær.
- Rådgjevaren min i NLR, Jan Karstein har arbeidd i seks år for å finne ei oppskrift på økologisk jordbærdyrking. Fylgjer du den så skal det gå ganske bra. Ein kjem til dekka bord og treng ikkje finne opp krutet ein gong til.

Jan Karstein Henriksen er rådgjevar i NLR Agder. Her viser han fram det nyplanta feltet til Kjell Magne Larsen

Jan Karstein Henriksen er rådgjevar i NLR Agder. Her viser han fram det nyplanta feltet til Kjell Magne Larsen

Foto: Mikkel Aaanderaa / FMHO

Etter kvart besøk frå rådgjevaren får dyrkaren eit heilt A4-ark med arbeidsplan for dei neste vekene. Der er det nøyaktig oppskrift på sprøyting på kvart felt og kva som må til av gjødsling, luking og stell.

God avling

Rådgjevar Jan Karstein Henriksen er imponert over det Kjell Magne Larsen har fått til i Lyngdal.
- Dette feltet står heilt fantastisk. I fjor var fyrste året med avling, då fekk han 1700 kg salsvare per dekar på Sonata. Han startar haustinga 5 .juni og bør kome opp i ei avling på 2000 kg per dekar i år på denne sorten, meiner han.

I Marnadal, litt lenger inn frå kysten driv Brit Mjåland også med økologisk jordbær. Ho starta med eitt dekar i 2011 og har no utvida til 10 dekar der like mykje er Sonata og Rondo.
- Læringskurva har vore bratt, og eg hadde ikkje klart dette utan rådgjevinga frå NLR, seier ho.

Direktesal

I framtida vil Brit Mjåland også ha mindre Rondo og meir Sonata.
- Vi leverer til BAMA og då blir alt transportert til Oslo. Rondo tåler ikkje det like godt.
Brit har også satsa på direktesal rett frå garden. Mange av kundane kjem frå områda rundt Kristiansand og kjøper vinterforsyning med økologiske jordbær i Marnadal. Ein god del går også til Dyreparken i Kristiansand.

Brit Mjåland i Marnadal har til saman 10 dekar jordbær under tak i Marnadal. Mange av kundane kjem til garden frå Kristiansand for å kjøpe økologiske bær.

Brit Mjåland i Marnadal har til saman 10 dekar jordbær under tak i Marnadal. Mange av kundane kjem til garden frå Kristiansand for å kjøpe økologiske bær.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Ho er godt nøgd med økonomien i dyrkinga. Bær direkte til forbrukar sel ho for over 100 kr per kg, og prisane frå BAMA er også akseptable. Økologiske jordbær møter ikkje konkurranse frå utlandet i like stor grad som konvensjonelle bær. I år er det aktuelt å gå ned frå 400 til 350 gram i kvar korg utan at prisane per korg blir endra.

Sjølvplukk er ikkje så aktuelt i feltet.
- I økologisk dyrking er det veldig viktig å reinske feltet annankvar dag. Då må ein plukke store bær, små bær og stygge bær. Det får ein ikkje sjølvplukkarane til å gjere, seier Brit Mjåland.

Ikkje friland

Rådgjevar Henriksen meiner det er fullt mogleg å dyrke økologiske jordbær i stor stil.
- Men ein er heilt avhengig av å dyrke i tunnel. Forsøka viser at ein må ha tunnel på økobær. Den sikrar at kvaliteten er god og at du som produsent er leveringsdyktig år etter år. Tunnel gjev også 20 prosent større avling. Du har valet mellom konvensjonelle bær på friland eller økobær i tunnel. Av meg får du ikkje lov til å dyrke økologisk jordbær på friland, smiler han.

 

FAKTABOK

Sortar i økologisk

Det er stort sett bare Rondo og Sonata som er aktuelle i økologisk jordbærdyrking.
Rondo er remonterande med svært lang haustesesong fordi dei lagar blomsterknoppar både ved kort og lang dag, det vil si at de ber blom, kart og modne bær samtidig. Den vil gje bær frå midten av juni heilt til frosten kjem. Sonata har bare ei avling. Av dei to er Rondo sterkast på smak men svak på lagring. Sonata er mest haldbare etter at dei er plukka. Dei kan halde opp til ei veke i kjøleskap. Rondo skal normalt gje den største avlinga.

Kjelde: NLR Agder

Publisert 02.06.2017 Sist endra 03.06.2017