Facebook| Twitter Skriv ut

Overrislingsanlegg til uttesting

Bruk av spreiaranlegg som alternativ til tåkesprøyte i økologisk epleproduksjon er aktuelt for optimal tilførsle av økologisk tillatne plantevernmiddel som svovel og bakepulver. Dette er også ei klimavenleg teknologisk løysing med potensiale til å redusera jordpakking, og spare arbeids- og traktortimar.

Fastmonterte spreiaranlegg er ikkje noko nytt, men har lenge blitt brukt i Sør-Tyrol for vatning og frostvatning. Alt på 50-talet vart det gjennomført forsøk med tilførsle av plantevernmiddel gjennom desse anlegga. Med auka areal under økologisk drift har teknologien på nytt blitt aktuell. 

I både Austerrike og Sør-Tyrol nyttar nokre dyrkarar allereie ombygde frostvatningsanlegg til å spreie plantevernmiddel som er tillatt brukt i økologisk drift. Fritz Prem, på biletet over, driv skurvkontroll i sin økologiske eplehage i Steiermark (Austerrike), med overrislingsanlegg.

I både Austerrike og Sør-Tyrol nyttar nokre dyrkarar allereie ombygde frostvatningsanlegg til å spreie plantevernmiddel som er tillatt brukt i økologisk drift. Fritz Prem, på biletet over, driv skurvkontroll i sin økologiske eplehage i Steiermark (Austerrike), med overrislingsanlegg.

Foto: Frøydis Lindén / FMHO

I økologisk fruktproduksjon nyttar ein mindre effektive plantevernmiddel, og då er tilførsle mot t.d. epleskurv til rett tid heilt avgjerande. Spreiaranlegg i frukttrerekkjene kan redusera påføringstid, og avhengig av spreiartype og trykk, også avdrift. Det gjer det også mogeleg for dyrkarane å tilføra næringsemne eller plantevernmiddel sjølv når jorda ikkje er lagleg for køyring. Redusert køyring i felt vil redusera drivstoff-forbruk, jordpakking, erosjonsfare og arbeidsmengd.

Testing av spreiarar med ulikt trykk på Njøs, Leikanger, sommaren 2016.

Testing av spreiarar med ulikt trykk på Njøs, Leikanger, sommaren 2016.

Foto: Liv Hatleli Gilpin / Njøs Næringsutvikling

Njøs Næringsutvikling (NNU) kjøpte i perioden 2012 – 2013 inn spreiaranlegg til deler av eit Debio-godkjend eplefelt, som del av prosjektet «Økologisk visningshage Njøs», støtta av Føregangsfylke økologisk frukt og bær og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. I perioden 2014-2016 blei anlegget brukt i prosjektet «Utprøving av spreiaranlegg i eplefelt» støtta av same aktørar.  Internasjonalt er det gjennomført fleire forsøk med tilførsle av plantevernmiddel  gjennom spreiaranlegg, og anlegget på Njøs er oppført etter amerikansk modell (Cornell University og Michigan State University).

Les meir om prosjektet på heimesidene til Njøs Næringsutvikling eller i artikkelen her...

 

 

Publisert 22.11.2016 Sist endra 22.11.2016