Facebook| Twitter Skriv ut

Levebrød av ni mål solbær

Ein treng ikkje ha store areal for å kunne leve av bærproduksjon. Helge Hvoslef dyrkar ni dekar med økologiske solbær på Nes på Hedmarken. Vidareforedling og sal direkte til kundane gjer at han har sikra seg heile verdikjeda. Maaemo og Slottet er blant mottakarane av "Fars" solbær.

Av Mikkel Aanderaa for Føregangsfylke økologisk frukt og bær

På toppen av Neshalvøya som strekker seg sør mot Helgøya i Mjøsa ligg garden Alhaug. Der har Helge Hvoslef og familien sitt paradis. I eit gunstig klima 300 meter over havet har han planta solbærbuskane sine. Og dei passar han godt på.

Då familien kjøpte garden i 2002 var det kornproduksjon på jorda, men Helge ville heller satse på solbær. Alt året etter var stiklingane kjøpt inn og i 2005 blei dei planta ut der dei står no. I jorda har dei mykje godt å forsyne seg med. Tre år på rad før utplanting blei jorda tilført kugjødsel, grisegjødsel og gamal hønsemøkk kombinert med eittårig raigras.

Seinare er det ikkje gjødsla, men alt graset som blir slått på åkeren blir lagt tilbake under buskane. Sidan det er planta utan bruk av duk er det lett å utnytte grønngjødsling.

– Eg ser for meg ein kontinuerleg gjødslingseffekt, ikkje punktgjødsling vår og haust. Med gras under buskane kjem det næring heile tida, det dempar fordamping, det dempar ugras og lagar gode forhold for mikrofaunaen, meiner Helge Hvoslef.

– Eg ser for meg ein kontinuerleg gjødslingseffekt, ikkje punktgjødsling vår og haust. Med gras under buskane kjem det næring heile tida, det dempar fordamping, det dempar ugras og lagar gode forhold for mikrofaunaen, meiner Helge Hvoslef.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO



Ingen jordpakking

Ingen traktor får heller lov til å pakke jorda rundt buskane. Ein heilt vanleg plenklippar med oppsamlar er i bruk ut juli. Deretter får ein liten sitteklippar på vel 300 kg sleppe til eit par gonger på seinsommaren når jorda har sett seg og virkar fastare.

– Eg prøva sitteklipparen ein gang på forsommaren og såg at eg fekk hjulspor. Da slutta eg med det og tenkte aldri meir.

Teorien er at 75% av rotnettet er i dei øvste 25 cm av jordlaget og røtene spreier seg utover. Utan jordpakking meiner Helge at han får eit godt magasin for vatn slik at han ikkje er avhengig av kunstig vatning. Buskane er ikkje vande med å få hjelp med vatn, dermed går røtene også djupare. Jorda er også eit eldorado for meitemarken.
– Eg har hatt tørre år, men ikkje sett særleg produksjonstap av den grunn, meiner han.

Stadstilpassa produksjon

– Kvifor blei det solbær?
– Ein grunntanke er at ein må sjå på jordstykket ein har og så prøve å forstå kva som er best å produsere akkurat der. Her på Nes er det eit veldig gunstig innlandsklima og eit kambrosilurisk jordsmonn som gjev veldig gode forhold for solbær.
– Hadde eg vore hekta på amerikanske hageblåbær, så hadde eg mislykkast sidan dei skal ha sur jord. Du må sjå kor du er, det er det fyrste punktet for å lukkast. Ikkje snuble inn i ein marginalproduksjon for å vise verda at dette skal gå. Sjå etter kva som er liv laga, hevdar Helge Hvoslef.

Val av rett sort er også viktig for å lukkast. Ein må høyre kva andre i området har funne ut.
På Alhaug blei det satsa på Ben Tron som hovudsort. Ben Nare og Narve Viking er tilleggssortar. Nyare sortar i solbær er resistente mot mjøldogg som tidlegare var eit stort problem.

Auka produksjon

Fem dekar blei etter kvart til ni og nå produserer han 4000 kilo solbær i året. Resten av arealet er i bruk til langvarig eng. I tillegg leiger han inn ein gamal eplehage som er grunnlaget for å lage økologisk eplemost. Men hovudinntekta kjem frå solbær, både som ferske, frosne og saft.

Då Helge starta opp var det ingen offentleg kanal for å distribuere økologiske solbær. Dermed måtte han vere allsidig og både dyrke bæra og nå marknaden sjølv.

Då Helge starta opp var det ingen offentleg kanal for å distribuere økologiske solbær. Dermed måtte han vere allsidig og både dyrke bæra og nå marknaden sjølv.

Foto: Mikkel Aanderaa / FMHO

Haustinga startar månadsskiftet juli/august og varer i to veker. Då hentar han inn 20-30 haustarar på det meste. Hos andre produsentar er det mest vanleg å treske solbær for så å levere til industrien. Men på Alhaug blir 80-85% hausta for hand, resten blir banka av buskane.

Utnyttar verdiane

– Hovudmarknaden for meg er frosne reinsa bær og for å få reinsa må dei vere handplukka. Det gjev også ein annan pris. Hadde eg bare levert til press, så kunne eg ikkje leve av det, meiner han.

Medan bær til industrien har ein verdi på under 10 kroner per kilo, kan Helge få 90 kr/kg for ferske bær og opp mot 125 kr/kg for ferdig reinsa og frosne solbær. Då utnyttar han heile verdikjeda.

– Sidan Noreg ikkje var klar for bulklevereing av øko-solbær i 2007, laga eg mitt eige kundenett av butikkar, restaurantar, institusjonar. Sidan har eg halde på med det og får langt høgare betalt enn om eg skulle levert råvarer til saft og syltetøy.

Han meiner likevel det er viktig at ein kan levere økologiske solbær til industrien sidan det ikkje er alle produsentar som vil, orkar eller tør å møte marknaden direkte.

Vinterarbeid

Kundane er i heile området mellom Oslo, Hønefoss og Lom, men Oslo er den viktigaste marknaden for økologiske varer. I tillegg står han på «Bondens marked» lokalt og i Oslo.

Solbæra på Alhaug har aldri vore sprøyta. Med ein liten åker er det lett å halde oversikten og sjå etter skader.
– Eg har vore veldig heldig har ikkje hatt noko ytre påverknad utanom bladflekk. Bladflekk er fyrst alvorleg når den tar busken så langt ned at det hindrar fotosyntesen. Her er også lite skadedyr.

Skog på alle kantar rundt åkeren er truleg ein fordel. Kanskje hadde andre skadegjerarar lettare funne vegen om det var annan produksjon rundt åkeren. Skogen har også andre fordelar sidan han inneheld ein del selje, den viktigaste vårmaten for humla som er viktig for pollineringa.
– Selja er strengt freda - den rører eg ikkje.

Skeptisk til kjemikaliar

– Kvifor satsa du på økologisk produksjon?
– Eg er skeptisk til kjemien i sprøytemiddel. Eg ser korleis eit middel kjem inn som nytt og lovande og lovleg. Og blir tatt ut att etter 5-10 år fordi det hadde sideeffektar som ein ikkje visste om.
Kva då med «lapskaus-effekten» når ein blandar ei rekke kjemiske sprøytemiddel gjennom sesongen? Kva gjer den samla effekten med oss kjemisk? Eg har ingen sans for det, slår Helge Hvoslef fast.

Han er også redd for å sprøyte bort nytte-faunaen.
– Her hos meg er det yrande liv med småfugl som tar mykje larver. Eg har også fuglekasser og nokre fuglar bygger reir i buskane for å sleppe pendling.

Pasientmat

Han har spesielt funne ein marknad for bæra sine på institusjonar.
– Solbær er ein av dei mest matnyttige bæra vi har. Dei er propp fulle av vitamin C og inneheld betennelsesdempande stoff. Særleg revmatikarar har godt av det. Solbær er pasientmat, det går an å bygge opp folk med solbær i kosten, seier Helge Hvoslef.

 

FAKTABOKS:

Publisert 31.07.2017 Sist endra 31.07.2017