Facebook| Twitter Skriv ut

Sund Folkehøgskole - tar maten og elevane på alvor!

Sund folkehøgskole på Inderøya i Trøndelag er ein samfunnsengasjert skule. I følgje eigne nettsider er det spesielt tre ting dei brenn for og vil dele med elevane: engasjementet for internasjonal solidaritet, arbeidet for ei bærekraftig utvikling og verdien av kunst- og kulturuttrykk. Ei satsing på økologisk matservering fell derfor naturleg inn. Svein Arne Sundfær, internatleiar og kjøkensjef på folkehøgskolen delte sine erfaringar på et frukostmøte til Debio i Steinkjer. 

Tekst: Idun Bjerkvik Leinaas, Debio

Sunn og næringsrik mat
Sund folkehøgskole er ein internatskule der elevane bur og lev, og dermed også et. Å leggje til rette for gode kosthaldsvaner hjå elevane i løpet av skuleåret, og å inspirere dei til å ta med seg dette vidare i livet, ligg til grunn for alt arbeidet på kjøkenet på Sund. Svein Arne starter sitt foredrag denne morgonen med å fortelje om korleis elevane på Sund bidrog til at menyen og matserveringa vart endra.

 - På Sund har vi lenge lagd mat frå botn av. Sunt kosthald er viktig for ungdommar, og vi opplev av dei stiller store krav til menyen på skulen. På starten av 2000-tallet merka vi på kjøkenet at fleire og fleire av elevane spurte etter økologisk mat. Vi bestemte oss derfor for å prøve ut litt økologiske varer, fortel Svein Arne.

I tillegg til økologisk matservering har skulen også fokus på fairtrade-varer, skulen er palmeoljefri, og dei jobbar med tradisjonsmat. På eit personalmøte i januar 2012 vart det klart at kjøkenet likte det dei hadde prøvd ut - dei vedtok personalet eit hårete mål; Sund Folkehøgskole skulle ha 50 % økologiske råvarer innan 2015.

Det er viktig å involvere elevane i den økologiske satsinga og invitere dei inn på kjøkenet.

Det er viktig å involvere elevane i den økologiske satsinga og invitere dei inn på kjøkenet.

Foto: Sund Folkehøgskole

Om elevane får velje
- På Sund starta vi opp med å prøve ut økologiske mjølkeprodukt og tørrvarer som ris og pasta, og vi gjorde også ei kartlegging av kva elevane og gjestane faktisk forsynte seg med. Vi sat fram rundstykke, økologiske og ikkje-økologisk, og informerte kva som var kva. Elevane valte, ikkje overraskande kanskje, dei som var økologiske, fortel Svein Arne.

Dei kjøkentilsette på Sund reiste på inspirasjonsbesøk til andre kjøken i området som hadde starta med servering av økologisk mat: St.Olavs hospital og Fosen Folkehøgskole og fleire andre. Dei gjekk på kurs, invitere inn kokkar og bakarar til skulen for å få ny kunnskap. Og det er tydeleg at dei har fått kunnskap som gjer dei i stand til å lage mat som fell i smak. Svein Arne sender rundt ein kurv med ferske økologiske knekkebrød – bakt etter eiga oppskrift – herleg smakfulle og knasande sprø.

- Vi klarte ikkje finne økologiske knekkebrød hjå våre leverandørar. Vi bestemte oss derfor for å bake dei sjølv. No klarer vi ikkje å produsere nok for å møte etterspørselen, ivrar Svein Arne.

Herleg smakfulle og knasande sprø økologiske knekkebrød baker dei sjølve på Sund Folkehøgskole.

Herleg smakfulle og knasande sprø økologiske knekkebrød baker dei sjølve på Sund Folkehøgskole.

Foto: Sund Folkehøgskole

For Sund var det viktig å involvere elevane i den økologiske satsinga. Kjøkensjefen inviterte dei inn for å få innspel til menyplanlegginga, og stilte dei mellom anna spørsmålet: Kva ville de ofre for at maten som skulle bli servert skulle vere økologisk. Økologiske råvarer kan nemleg vere litt dyrare enn dei konvensjonelle, og ein må kanskje velje bort nokre av varene ein vanlegvis et. Svaret frå elevane var eintydige: Dei kunne gå bort frå å ha dessertar på kvardagar og jus til frukost.

I dag har ein i større grad integrert matlaginga i skulekvardagen også for elevane. Det praktiske personellet på skulen fungerer som lærarressursar; elevane er med både på fiske, slakt, sanking, hausting og foredling på kjøkenet. Frå våren 2015 kan elevane også lære å dyrke grønsaker i drivhuset som snart står klart.

- Motiverte elevar gjer satsinga på økologisk mat på Sund Folkehøgskole og min jobb meir inspirerande. Eg er heilt sikker på at skulen har eit fortrinn ved å tilby økologiske servering. Basert på tilbakemeldingar frå våre elevar veit vi at Debios serveringsmerke gjer at mange elevar vel å kome til oss, avsluttar Svein Arne Sundfær, engasjert og glad kokk på Sund Folkehøgskole. 

Les meir om Debio sine serveringsmerker på www.serveringsmerker.no og følg Debio på Facebook: www.facebook.com/debionorge

Les meir om Sund Folkehøgskole på www.sundfhs.no

 

Publisert 03.02.2015 Sist endra 03.02.2015