Bakgrunn

Gjendebu frå Gjendetunga

Gjendebu frå Gjendetunga

Foto: Magnus Snøtun

Forvaltningsplanen vart godkjend i juni 1998. Etter det har det skjedd mykje i området.

Det er mellom anna sett i gong eit arbeid med å profilere nasjonalparkane i Nord-Gudbrandsdalen sterkare i reiselivssamanheng (”Nasjonalparksatsinga i Nord-Gudbrandsdal”), og her vil Jotunheimen nasjonalpark ha ein sentral plass. Dette arbeidet er ei vidareføring av forprosjektet ”Handlingsplan for berekraftig reiseliv i og rundt Jotunheimen”. Det har også vore arbeidd med ein handlingsplan for å reparere inngrep i Utladalen landskapsvernområde. 

I november 2003 vart verneforskrifta endra ved at forbodet mot kommersiell turisme i Jotunheimen nasjonalpark vart oppheva. Samstundes vart det varsla at forvaltningsstyresmakta vil vurdere å innføre standard nasjonalparkforskrift når det gjeld ferdsel i nasjonalparken. 

Når eit framlegg til revidert forvaltningsplan for Jotunheimen nasjonalpark vert sendt på høyring, vil fylkesmannen samstundes sende nye verneforskrifter for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde på høyring.