Høyrings-framlegg

T-merking

T-merking

Foto: Magnus Snøtun

Fylkesmannen i Oppland sender i desse dagar ut framlegg til nye verneforskrifter og revidert forvaltningsplan for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde. Det er høve til å kome med fråsegn til framlegga innan 31.12.2007.

Framlegget til nye verneforskrifter byggjer på standard forskrift for nasjonalparkar og for landskapsvernområde. Standarden er utarbeidd av Direktoratet for naturforvaltning (DN) med bakgrunn i naturvernlova. Tilpassingar for lokale brukarinteresser som er gjort i dagens forskrift, er – så langt det er råd – bakt inn i framlegget til nye verneforskrifter. Framlegget til revidert forvaltningsplan byggjer på framlegget til nye verneforskrifter.

Restriksjonsnivået i verneområda vil vere om lag det same med ny forskrift. Av vesentlege endringar vil Fylkesmannen særskilt trekkje fram framlegget om forbod mot lågtflyging og be om fråsegn til dette. Vi gjer også merksam på at § 3, pkt. 6.1 andre ledd er ny, og medfører at turistbedriftene må ha godkjenning for køyretøy og motorbåtar som skal brukast og lagrast innafor nasjonalparken.

Alle som ønskjer det kan kome med fråsegn til framlegga til nye verneforskrifter og revidert forvaltningsplan innan 31.12.2007. Etter høyringsfristen vil Fylkesmennene i Oppland og Sogn og Fjordane oppsummere fråsegnene og gi si tilråding til DN. Verneforskriftene vil til slutt bli vedtekne av Regjeringa i Kgl. res., og DN skal godkjenne forvaltningsplanen.