Facebook| Twitter Skriv ut

Forlenging skadefellingsløyve jerv - Luster kommune

Fylkesmannen har etter søknad forlenga skadefellingsløyve på ein jerv i Luster kommune

Fylkesmannen i Vestland tildelte 2. august 2019 skadefellingsløyve på ein skadegjerande jerv i Luster kommune, beiteområde ved Nørdstedalen. Det er registrert 20 kadaver av sau/lam i området. Ved utløpet av fellingsperioden er det ikkje felt jerv, og Fylkesmannen vurderer det derfor som eit mogleg førebyggande tiltak å forlenge fellingsperioden frå 26. august fram til og med 9. september. 10. september startar lisensjakta på jerv i heile region 1, og Rovviltnemnda har vedteke ein kvote på 8 jerv som kan fellast under lisensjakta i regionen. Lisensjakta varer frå 10. september 2019 til 15. februar 2020.

Publisert 27.08.2019 Sist endra 27.08.2019