Bakgrunn

Stortinget har gjennom handsaming av St. meld. nr. 62 (1991-92); Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge (Nasjonalparkmeldinga), slutta seg til at det skal utarbeidast framlegg til verneplan for området Breheimen-Mørkridsdalen.

Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning har gjeve Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Oppland oppdrag om å følgje opp Nasjonalparkmeldinga ved å utarbeide framlegg til verneplan for dette området og gjennomføre høyring. Det er verneverdiane i området som skal danne grunnlaget for verneframlegget, men gjennom verneplanprosessen skal fylkesmennene greie ut og i størst mogleg grad avklare tilhøvet til andre samfunnsinteresser i området.
 
Aktuelt verneområde
Området ligg i Luster kommune i Sogn og Fjordane, og i Lom og Skjåk kommunar i Oppland. Utgreiingsområdet går fram av kart. Arealet er på 1820 km2, fordelt med 957 km2 i Skjåk, 272 km2 i Lom og 591 km2 i Luster. Både nasjonalpark og landskapsvernområde kan være aktuelle verneformer. Fylkesmennene vil difor greie ut begge desse verneformene. Naturreservat kan også vere aktuelt fleire stader, mellom anna i eit område kring Høyrokampen, ved Røykjeskålsvatnet og Mørkrid.
 
Verneverdiar
Heile Breheimen-Mørkridsdalen har uvanleg store variasjonar i landskap og vegetasjon knytt til store skilnader i høgde over havet og til store skilnader i kor mykje nedbør som fell gjennom året, og Mørkridsvassdraget omfattar alle vegetasjonssoner frå fjord til fjell. I Breheimen–Mørkridsdalen er det store samanhengjande areal med inngrepsfrie naturområde. Det er registrert villmarksprega område i begge fylka, med eit samla areal på om lag 340 km2. Med inngrepsfrie område meinast område som ligg meir enn 1 km frå tyngre tekniske inngrep, medan villmarsprega områder ligg meir enn 5 km unna slike inngrep. I Breheimen er det store kvartærgeologiske verneverdiar knytt til bre- og breelvavsetningar, med stor variasjon frå spisse toppar til store vidder, som viser ulike måtar brear og breelvar formar landskapet. Heilt spesielt er at her er både avsetningar som viser innlandsisen sine rørsler og avsetningar i istida både mot aust og vest, og dessutan seinare brear sine avsetningar, m.a. frå den vesle istida. Mørkridsdalen har eit svært verdfullt kulturlandskap med m.a. stølsvollar. Kring Høyrokampen er det eit uvanleg rikt og variert planteliv. I delar av planområdet er det eit spesielt dyreliv. Området er også særleg rikt på vassdragsnatur. Heile området i Breheimen–Mørkridsdalen er kontrastrikt med store opplevingsverdiar og det er mykje brukt til friluftsliv.