Konsekvensutgreiing

Verneframlegget omfattast av krav til konsekvensutgreiingar etter § 33 i plan- og bygningslova.

Formålet med konsekvensutgreiinga er å få fram viktige konsekvensar av eit vern på miljø, naturressursar og samfunn. Utgreiinga skal sikre at verknadene av eit vern blir vurdert under planlegginga og når avgjerd blir teke i saka. Den skal også sjå til at interessene til lokalbefolkninga og ressursane i området kjem godt fram. Ein vil kartleggje ulike inngrep og brukarinteresser i området, og vurdere korleis desse kan påverke verneverdiane, og korleis vernet kan påverke brukarinteressene.

Konsekvensane av ulike alternativ er utgreia: nasjonalpark/landskapsvernområde/ikkje vern og naturreservat i nokre mindre område. Dette vil munne ut i eitt eller fleire verneframlegg med ulike verneformer (nasjonalpark /landskapsvern/naturreservat), grenser og forskrifter.

Les meir om konsekvensutgreiinger på MDs nettsider.