Nasjonalpark-styret for Breheimen er konstituert

Test

Test

Foto: Test / Test

Nasjonalparkstyret for Breheimen hadde konstituerande møte i Leikanger 19. januar. Styret har frå og med denne dato forvaltningsmyndigheita for Breheimen nasjonalpark og tilliggjande verneområde.

Styret er samansett av ein politikar frå kvar av kommunane Skjåk, Lom og Luster og fylkeskommunane i Oppland og Sogn og Fjordane, samt eit medlem frå Skjåk allmenning, til saman 6 medlemmar. Styret var samrøystes i valet av Rolv Kristen Øygard (ordførar i Skjåk kommune) som leiar av styret og Torodd Urnes (ordførar i Luster kommune) som nestleiar.

Styret tilrådde Skjåk utmarksenter og rådhuset i Luster som forvaltningsknutepunkt. Det er Miljøverndepartementet som tek avgjerd om kvar forvaltningsknutepunkt vert. Fylkesmannen i Oppland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skal tilsette tilsette to nasjonalparkforvaltarar, ein på kvar side av fylkesgrensa lokalt. Desse forvaltarane vil vere sekretariat for styret.