Forvaltnings-plan for Breheimen er sendt til DN

Fylkesmennene i Oppland og Sogn og Fjordane har sendt framlegg til forvaltningsplan for verneområda i Breheimen til fagleg gjennomgang i Direktoratet for naturforvaltning.

Det vidare arbeidet med forvaltingsplanen:
Etter den faglege gjennomgangen og eventuelle justeringar vil planen bli sendt på ei brei høyring. Etter ei vurdering av høyringsinnspela vil nasjonalparkstyret for Breheimen sende tilråding til Direktoratet for naturforvaltning (DN). Det er DN som til slutt godkjenner planen.

Dei lokale referansegruppene og kontaktutvalet, som også deltok i verneplanprosessen, har vore med og gjeve innspel i arbeidet med forvaltningsplanen. Tidleg i 2011 vil det lokale nasjonalparkstyret for Breheimen bli konstituert, og få forvaltingsmyndigheita for verneområda her.

Nærare om framlegget til forvaltningsplan
Ein forvaltningsplan skal vere eit praktisk hjelpemiddel til å oppretthalde og fremje verneformålet. Forvaltningsplanen skal i hovudsak trekkje opp utfyllande retningsliner for forvaltning av verneføresegnene i samsvar med verneformålet.

Framlegget til forvaltningsplan byggjar vidare på det utkastet som vart utarbeidd fram mot vernevedtaket. Kva slags retningslinjer som gjeld for brukarinteressene som landbruk, friluftsliv og hytter/buer er sentralt i planen. 

Innspel om ny merking av stiar og køyring av løyper er i stor grad komen i møte i framlegget, mellom anna fleire stader i Skjåk. Verneverdiane i grottene i Dummdalen i Lom er truga, særleg av slitasje. Det er difor føreslege retningslinjer for den organiserte ferdsla her, informasjon og andre tiltak for å ta vare på verdiane.