Velkomen til offisiell opning av Breheimen nasjonalpark!

Den offisielle opninga av Breheimen nasjonalpark skjer 14. og 15. august 2009. Kulturinnslaga står mellom anna trompetist Ole Edvard Antonsen og fiolinist Martine Lund Hoel for, politikken blir det statsminister Jens Stoltenberg og tre av hans regjeringskollegar som står for. Opninga vert markert i alle dei 3 kommunane: Luster, Lom og Skjåk. Arrangementa er opne for alle.

Arrangement i Skjåk
Fredag 14. august startar arrangementet på Sota sæter i Skjåk kl. 12.00. Der vil miljø- og utviklingsminister Erik Solheim saman med statsminister Jens Stoltenberg, finansminister Kristin Halvorsen og samferdselsminister Liv Signe Navarsete stå for opninga av Breheimen nasjonalpark. Under opningsseremonien vil trompetist Ole Edvard Antonsen spele utdrag frå ”Vidda”.

Arrangement i Lom
I Lom frå kl.15.30 opnar Erik Solheim klimapark 2469 saman med ordførar i Lom Simen Bjørgen. Kl. 16.00 vert det vandring i nasjonalparklandsbyen Lom med Bjørgen som guide.

Kl. 17.00 avdukar statssekretær Heidi Sørensen det offisielle skiltet for Lom som nasjonalparklandsby.

Morgenkonsert på Mefjellet
Laurdag 15. august held så feiringa fram ved at Erik Solheim reiser vidare til Luster kommune for opninga av Sogn og Fjordane sin del av nasjonalparken. På vegen over Sognefjellet blir det stogg på Mefjell kl. 10.00 der nasjonalparken vert markert i Lom kommune av Erik Solheim og Simen Bjørgen. Her vil Martine Lund Hoel stå for det kunstnariske.

Arrangement i Luster
Opning av nasjonalparken i Luster kommune vil skje ved Drivandefossen i Mørkridsdalen med start kl. 12.45. Det vil her også vere ei markering for freding av Den Norske Turistforeininga si hytte Arentzbu ved Erik Solheim og talar mellom anna av fornyingsminister Heidi Grande Røys, og dessutan kunstariske innslag. Kl. 14.10 vert det avslutning i Luster kommune på Fjordstova i Skjolden mellom anna med et lysbileteprogram av Harald Vatne.

Kveldskonsert i Lom
Kl. 20.00 laurdagskvelden vert alle invitert til gratis konsert i Lom med Valkyrien Allstars til ære for vår nye og 32. nasjonalpark. Erik Solheim deltek på konserten saman med ordførar Simen Bjørgen.

Vedteke etter ny lov
Breheimen nasjonalpark vart som den første nasjonalparken etter ny naturmangfaldlov vart vedteken av Kongen i statsråd fredag 7. august 2009. Breheimen nasjonalpark med tilgrensande landskapsvernområde og naturreservat er den 32. nasjonalparken på fastlandet i Noreg. Nasjonalparken skal sikre biologisk mangfald og eit spektakulært landskap for ettertida. Verneområda er kontrastfylte med grøne daler, verna vassdrag, snaufjell og brear. Å sikre sentrale villreinområde er ein viktig del av formålet med verneplanen.