Organisering

Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning har gjeve Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Oppland oppdrag om å følgje opp Nasjonalparkmeldinga ved å utarbeide framlegg til verneplan for Breheimen-Mørkridsdalen og gjennomføre høyring. Det er viktig å legge til rette for god lokal medverknad i arbeidet.

Referansegrupper og kontaktutvalDet er oppretta tre lokale referansegrupper/arbeidsgrupper (ei i kvar kommune) og eit felles overgripande kontaktutval for verneplanprosessen for Breheimen–Mørkridsdalen. Desse gruppene gjer kunnskap om området og har ein rådgivande funksjon. I kontaktutvalet sitter dei tre ordførarane og dei har med seg to representantar kvar. Samansetninga av referansegruppene og kontaktutvalet finn du nedanfor. 

I tilegg har dei tre ordførarane oppretta eit eige kontaktforum for verneplanarbeidet.