Facebook | Twitter Skriv ut

Funksjonsklasse veg

Fylkestinget vedtok Regional transportplan for Sogn og Fjordane 2014 - 23 i desember 2013.


Regional transportplan (RTP) omhandlar heile transportsystemet i fylket, inkludert transportformer der ansvar og verkemiddel ligg til andre forvaltningsnivå enn det fylkeskommunale. Føremålet er at RTP skal vera ein langsiktig strategiplan for transportsektoren i Sogn og Fjordane.


RTP legg føringar for investeringar på vegnettet i tida framover. Ei inndeling av dei enkelte fylkesvegstrekningane etter funksjon har som hensikt å sikre ei meir hensiktsmessig og effektiv transportplanlegging. Samstundes vil den vere eit grunnlag for å prioritere midlar til standardutbetring, til vedlikehald og til planlegging.


Med utgangspunkt i vedteken Regional transportplan er fylkesvegnettet inndelt i funksjonsklassar som vil bli lagt til grunn for framtidige investeringar og drifts- og vedlikehaldstiltak.

Publisert: 25.03.2015 Sist endra: 25.03.2015