Facebook| Twitter Skriv ut

Arealplan i Fylkesatlas

Kartverket sin sentrale arealplanbase for vedtekne planar er no mogleg og sjå i Fylkesatlas. Dette er planar innsendt av kommunane. Alle planar ligg ikkje i denne tenesta, du må framleis sjekke tenester frå kommunane og heimesida deira for å sjå alle gjeldande planar og planar på høring.

Kommune- og kommundelplanar vert oppdatert ein gong i halvåret i tenesta frå Kartverket. Reguleringsplanar vert lagt inn kontinuerleg frå dei kommunane som sender inn planar eller har fått på plass geosynkronisering for plan.

Liste hjå Kartverket for kommunar som geosynkroniserer.

Du kan no slå av og på ulike lag for kommune- og kommunedelplanar:

For reguleringsplanar kan du skru av og på alle 5 vertikalnivåa. For vertikalnivå 2 på bakken kan du i tillegg skru av og på arealføremål og omsynssoner med meir.

Vi kjem også til å legge tenester frå kommunane sine kartportalar regionvis under kategorien Arealplanar.

Publisert 12.02.2019 Sist endra 12.02.2019