Facebook| Twitter Skriv ut

Arealplan nytt i Fylkesatlas

Det skal no vera lettare og skilje mellom arealplanar frå kommunane som ligg i den nasjonale basen frå Kartverket og dei som kjem rett frå dei ulike kartløysingane til kommunane.

Arealplanar nasjonal base

'Planar på høyring N' inneheld to test-tenester frå Kartverket, som kan vera litt ustabile. Dette er planar på høring innsendt av kommunane. Diverre er det ikkje så mykje planar for Vestland endå, men vi håper at det kjem meir etterkvart.

Voss kommune har sendt inn fleire reguleringsplanar på høring til Kartverket.

'Vedtekne planar N' er planar som er innsendt frå kommunane 1-2x i året eller geosynkronisert jamnleg. Alle planane ligg ikkje i desse tenestene, men dei er lenka til meir informasjon om planen, føresegner og der er teiknforklaring.

Tenesta til Kartverket leverer også teiknforklaring.

Arealplanar frå kommunane

'Planar på høyring K' inneheld tenester frå kommunane. De må vurdere om desse planforslaga er på høyring eller om dei er under arbeid eller har ein annan status. Alle kommunane leverer ikkje tenester for planforslag.

'Vedtekne planar K' er truleg dei mest oppdaterte planane frå kommunane, men her får du ikkje meir informasjon, føresegner eller teiknforklaring diverre. Alle kommunane er sortert alfabetisk og kommunenamnet kjem først. Merk at det er tre kommunesamarbeid 'Fjordakart', 'Nordhordalandskart' og 'Nordfjord' som inneheld fleire kommunar. Du finn informasjon om kva kommunar i metadata'ene. 

Publisert 02.04.2019 Sist endra 02.04.2019


Stryn sin kommunedelplan for Oppstryn på høring

Kontakt

Har du spørsmål til innhald i Fylkesatlas?
Ta kontakt på e-post:

drift.fylkesatlas@fylkesmannen.no