Facebook| Twitter Skriv ut

Driftevegane gjennom Sogn og Fjordane

Ein drifteveg er ein veg eller ei transportåre der folk (driftekarar) gjekk med krøtera/dyra sine når dei skulle gjennomføre kjøp og sal av fe. I samband med eit prosjekt frå 2003 i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune vart mange av driftevegane gjennom Sogn og Fjordane gått opp. Desse hovuddriftevegane er no digitalisert og gjort tilgjengeleg på Fylkesatlas under Kultur og Historie.

Driftevegane over fjella frå vest til aust vart nytta fram til ca 1900, då dampbåten og jernbana tok over. Fleire av rutene er i dag merkt som turstiar og er på den måten enno i bruk utan at folk kanskje er klar over at dei går på ein drifteveg. Like fullt er spor i landskapet er vanskeleg å oppdage då rutene i dag kan vere attgrodd eller øydelagt av utbygging av vegar/nydyrking/bygningar.

Gjennom prosjektrapporten frå 2003 vart hovudrutene og ein del av sidevegane skildra og kartlagt. For meir informasjon sjå artikkel om "Driftevegane gjennom Sogn og Fjordane" på Kulturhistorisk Leksikon. Her ligg også prosjektrapporten tilgjengeleg (nedst nede i artikkelen), der du kan lese meir om hovudrutene og siderutene samt historiske skildringar og songar om driftehandelen.

Rutene til driftevegane vart bestemt av ulike ting, der erfaring saman med ver og vind spelte inn på dei vegval ein tok. Nokre stadar kan det av den grunn vere utfordrande å vite nøyaktig kvar i dalen ruta gjekk då dette kunne endre seg frå år til år.

Publisert 04.04.2019 Sist endra 04.04.2019


Kontakt

Har du spørsmål til innhald i Fylkesatlas?
Ta kontakt på e-post:

drift.fylkesatlas@fylkesmannen.no