Facebook| Twitter Skriv ut

Kulturlandskap med rapportar igjen

Kulturlandskap i kommunane areal og punkt er no lenka opp til rapportane for kvar kommune igjen!

Under kategorien Landskap er det fleire 'kulturlandskap-tema'. Heilskapeleg kulturlandskap (nasjonale kulturlandskap henta frå Miljødirektoratet), Regionalt viktige kultulandskap (regionale kulturlandskap frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane) og Kultulandskap i kommunane areal og Kulturlandskap i kommunane punkt.

I tidsrommet 1988 til 1991 vart det gjennomført ei omfattande kulturlandskapskartleggjing for kommunane i Sogn og Fjordane. Dette munna ut i kommunevise rapportar med kultulandskap av lokal tyding. Dette datasettet inneheld alle dei 441 kulturlandskapa med namn, kommune og kulturmarkstype. Frå desse vart det valt ut 50 område med regional prioritet og 10 med nasjonal prioritet.

Dei to siste er 'lokale' kulturlandskap-tema var knytt til kommunerapportar i gamle Fylkesatlas. No er dette endeleg på plass i det nye Fylkesatlas!

Your browser does not support iframe. <a href="http://www.fylkesatlas.no/embedded/09df7ad9-3058-4cb4-97ae-3c8f2f656d29" target="_blank" data-mce-href="http://www.fylkesatlas.no/embedded/09df7ad9-3058-4cb4-97ae-3c8f2f656d29">You can see the content of the frame here</a>

Publisert 26.11.2015 Sist endra 26.11.2015