Facebook| Twitter Skriv ut

Nye tema i Fylkesatlas

I løpet av våren er det publisert ei rekke nye tema i Fylkesatlas. 

  • Kommunereform
  • NVEs utvalde kulturminne
  • Middelhøgvann
  • Stormflo
  • NiN - natur i Norge
  • Korallrev

Kommunereform

Ei oversikt over kva kommunar som slår seg saman frå 2020 og deira nye kommunenamn.

MERK! Dei nye grensejusteringane som til dømes Bryggja til Stad kommune er ikkje med på dette kartet. Berre dagens kommunegrenser (juni2019).

Du finn tema her: Fylkesfakta/Kommunereform
Det er fint og bruke bakgrunnskartet 'Enkelt grunnkart' ilag med dette temaet.

NVE's utvalde kulturminne

Oversikt over eit utval av NVE sine verneverdige anlegg med høg kulturminneverdi.

 

Du kan lese meir om dette på NVE sine heimesider.

Du finn temaet i Fylkesatlas her: Kulturminne/NVEs utvalde kulturminne

Middelhøgvann og stormflo

Middelhøgvann er gjennomsnittleg vannstand på ein stad over ein periode på 19 år. Stormflo oppstår når påverking frå vær gjer vannstanden ekstra høg. Særleg lufttrykkendring og vind påverkar vannstanden.

Kartverket har laga datasett som syner middelhøgvann og stormflo. Du kan lese meir om dette her:
Kva er stormflo? (Sjå video nedst i artikkelen)

Geonorge: Stormflo

Du finn temaet i Fylkesatlas her: Samfunnstryggleik/Havnivå

NiN - natur i Norge

Natur i Norge (NiN) er eit type- og skildringssystem for all variasjon i naturen.

Du kan lesa meir om NiN her:
NiN i Artsdatabanken
Geonorge: NiN

Du finn temaet i Fylkesatlas her: Viktige naturområde og artar/Naturtyper - NiN

Korallrev

Havforskningsinstituttet har ett tema som viser korallrev i Norge. Dette viser også i Miljødirektoratet sin naturbase.

Havforskningsinstituttet - korallrev
Geonorge: Korallrev

Du finn tema i Fylkesatlas her: Kyst og fjord

Publisert 25.06.2019 Sist endra 25.06.2019