Facebook| Twitter Skriv ut

Nyhende i Fylkesatlas

Førre veke fekk vi ein ny versjon av Fylkesatlas. Grid, kompassrose og måle lengde (på ein lettare måte) er høgdepunkta.

Grid

Nedst til venstre er det to nye knappar. Den lengst til venstre slår på eit grid/rutenett som viser lengde og breddegrader.

Knapp for grid

Knapp for grid

Foto: Fylkesatlas

Rutenett lengde og breddegrad

Rutenett lengde og breddegrad

Foto: Fylkesatlas

Det er også mogleg og legge på UTM rutenett! Det finn du under ‘Generell kartinformasjon’ som ‘UTM rutenett’.

Kompassrose

Den andre knappen lengst nede til venstre er ei kompassrose som vil legge seg midt i kartet. Denne er særleg nyttig til havs.

Knapp for kompass

Knapp for kompass

Foto: Fylkesatlas

Her kan du velje mellom ‘Sann nord’ og ‘Rutenett nord’. Sann nord stemmer med lengde/breddegrad rutenettet og viser faktisk nord.

Kompassrose - sann nord

Kompassrose - sann nord

Foto: Fylkesatlas

Rutenett nord stemmer med UTM rutenett, men for UTM sone 33 (altså Sverige og Nordland fylke). 

Kompassrose med UTM rutenett

Kompassrose med UTM rutenett

Foto: Fylkesatlas

Publisert 17.11.2017 Sist endra 17.11.2017