Facebook| Twitter Skriv ut

Nyhende i Fylkesatlas

No kan du bruke opplasta filer i MineData fleire stader enn tidlegare. Det er lagt inn Marine grunnkart for deler av kysten og geometrien vert no sjekka før ein får lagre flater i digitaliseringstema.

'Mine data' og 'teikn og mål'

Du kan no gjere utval i eitt datasett med ei teikna flate eller ei opplasta fil i Mine data (shp, kml m.m.):

- slå på teikna eller opplasta flate
- slå på temalag du vil spørje mot (vektor ikkje wms, altså PostGis eller shape)
- opne tabellen til temalaget og gjer eit utval

Utval med flate frå opplasta fil

Utval med flate frå opplasta fil

Teikna flate som skal brukast til utval

Teikna flate

Opplasta flate som skal brukast til utval

Opplasta flate for Osterøy i Mine data

Bokmerke med tema og 'Mine data'

No kan du lage bokmerke for deg sjølv som tar med:
- kvar du har zooma inn
- bakgrunnskart
- temalag
- opplasta fil i Mine data

Dette kan vera praktisk dersom du jobber i same område over tid med same påslåtte tema.

Bokmerke inkludert flate frå Mine data

Bokmerke inkludert flate frå Mine data

Digitaliseringstema (Digtheme)

Når du jobber i eit digtheme som er sett opp av administrator så er det no ein sjekk på at geometrien er rett. Du kan til dømes ikkje ha flater med kryssande linjer. Det er viktig og zoome godt inn når du jobber med dette.

Digtheme med geometrifeil

Digtheme med geometrifeil

Marine grunnkart

Under 'Kyst og fjord' er det no ein underkategori som heiter 'Marine grunnkart'. Her finn du nye tema frå NGU sitt Mareano kart som dekker; Selje, Vågsøy, Bremanger og Flora.

Marint grunnkart: Ankringsforhold utanfor Florø.

Marint grunnkart: Ankringsforhold utanfor Florø.

Publisert 23.01.2019 Sist endra 23.01.2019