Facebook| Twitter Skriv ut

Nytt etter oppgradering

Fylkesatlas fekk ei oppgradering 27nde juni med mellom anna utbetringar for eigne teikna objekt og fleire filtreringsmoglegheiter på tabell.

Teikn og mål

Det er no ei betre og meir ryddig visning av dine eigne teikna objekt. Du kan slå saman kategoriar. Når du slår på eit objekt så vert kategorien også merka.

Du får også sjå eigne teikna objekt i teiknforklaringa.

Flytting og rotering av objekt er også nytt. Du må hake av for dette for å gjere det.

Mine data

Tema (wms, shape, gpx med meir) som du lastar opp til din brukar kan du no sjå i 'Synlege temalag' og sortere for å endre teiknerekkefølgjen.

'Synlege temalag':

Flitrering i kart via tabell

Dersom du gjer eit utval i kartet på eit flate tema så kan du bruke dette utvalet til eit nytt utval med til dømes eit punkt tema. (Merk at dette ikkje går med wms-tema eller shape).

Først må du opne tabellen til eit flate-tema (her; DOK Naturvernområder) og gjere eit utval i kartet:

Så slår du på eit punkt - tema og gjer eit nytt uval basert på ditt førre utval:

Då får du eit utval på ditt punkt-tema (her; Kritisk trua under DOK raudlisteartar) som er innafor ditt første utval (blå prikk):

Publisert 05.07.2019 Sist endra 05.07.2019


Kontakt

Har du spørsmål til innhald i Fylkesatlas?
Ta kontakt på e-post:

drift.fylkesatlas@fylkesmannen.no