Facebook| Twitter Skriv ut

Nytt om arealplanar

Arealplanar frå kommunane er oppdatert i fylkesatlas etter endra tenester i samband med kommunereforma. Nokre kommuneplanar har no eit filter der ein kan skru av og på ulike omsynssoner.

I samband med kommunereforma vart mange av kommunane sine wms-tenester endra:

  • samanslåtte kommunar har fått felles tenester
  • det var nye namn på nokre tenester grunna nye kommunenummer

Bergen kommune sine planar finn du ikkje under 'Areaplanar frå kommunane'. Dei ligg berre i 'Arealplanar nasjonal base'.

Det er ikkje alltid samsvar mellom det som kjem frå kommunane og det som er nasjonalt. Det er lurt og sjå i begge. Hovudregelen er at det som kjem frå kommunane er mest oppdatert. Vi voner at dette vil endre seg slik at vi berre kan bruke den nasjonale basen etterkvart når alle geosynkroniserer plan.

Ikkje alle kommunar leverer alle typar planar som tenester. Dei fleste leverer vedtekne reguleringsplanar. Dei andre planane varierar.

No skal du finne namn på alle kommunar og ikkje kartsamarbeid som Nordhordaland eller Nordfjord.

Håper at det er rette tenester som ligg i fylkesatlas no. Meld ifrå dersom de ser feil!

Filter på kommuneplan

Nokre kommunar har delt opp sin kommuneplan med arealformål og ulike omsynssoner som eigne lag. Dette kan du sjå i fylkesatlas via filtering:

Døme frå Voss sin kommuneplan:

  1. Skru på tema
  2. Gå på verktøy knapp/hjul
  3. Vel ulike lag i filtreringsnedtrekksmenyen
  4. Du kan kombinere fleire lag og bestemme teiknerekkefølgjen sjølv

Når du slår på 'Voss kommuneplan' får du alt. Arealføremål med alle omsynssoner oppå.

Når du er inne på verktøyknappen/tannhjulet kan du nederst velje i nedtrekksmenyen kva du vil sjå. Du kan til dømes slå på Arealføremål og flaum. MERK! Her må du hugse og gå i botn av lista og slå av KP2015 for å slå av alt.

Rekkefølgja du trykker på bestemmer teiknerekkefølgjen. På bilete over har eg også laga planen litt gjennomsiktig.

Prøv deg fram med dette og spør om du ikkje får det til!

MERK! Det er ikkje alle kommuneplanar som har slike filter!

Det kan også vera filter på nokre reguleringsplanar med ulike vertikalnivå (over bakken og under bakken med fleire).

Publisert 12.05.2020 Sist endra 13.05.2020


Kontaktpersonar

Tone Reinsnos Knutsen
Statsforvaltaren i Vestland

Max Koller
Vestland fylkeskommune

Abebe Girmay Adera
Vestland fylkeskommune

Jo Tore Kristoffersen
Vestland fylkeskommune

Alexander Guldbrandsøy Stadheim
Vestland fylkeskommune

e-post