Facebook| Twitter Skriv ut

Vinternytt i fylkesatlas

No på nyåret er det publisert ei rekke nye tema i fylkesatlas.

  • Nasjonale laksevassdrag med nedbørfelt
  • Trafikkmengde 2018/2019
  • Jernbane - støysoner (Bergensbanen på plass om eit par veker)
  • Lufthamn -støysone
  • Veg - støysonekart
  • Veg - strategistøykart_Iden
  • Veg - strategistøykart_Inight
  • Elvemusling førekomst
  • Nedbørfelt elvemusling
  • Naturtypar NiN (meir oppdelt)

Rekkefølgja på tema over stemmer med rekkefølgja i Fylkesatlas.

Nasjonale laksevassdrag med nedbørfelt

Nasjonale laksevassdrag (NLV) som utløpspunkt har vore i fylkesatlas lenge, men no er det kome eit tema knytt saman med dette: Nedbørfelt NLV som er nedbørfeltet knytt til kvart NLV vassdrag.

Du finn temaet i fylkesatlas her:
Elv og innsjø/Nasjonale laksevassdrag (NLV)/Nasjonale laksevassdrag (NLV)
Elv og innsjø/Nasjonale laksevassdrag (NLV)/Nedbørfelt (NLV)
eller
Kyst og fjord/Nasjonale laksevassdrag (NLV)/Nasjonale laksevassdrag (NLV)
Kyst og fjord/Nasjonale laksevassdrag (NLV)/Nedbørfelt (NLV)

Trafikkmengde 2018/2019

Dette er dei nyaste tala for trafikkmengde for Vestland og erstattar tidlegare tema frå 2016 for Sogn og Fjordane.

Du finn temaet i fylkesatlas her:
Samferdsel/Trafikkmengde 2018/2019

Støykart

Jernbane - støysoner  inneheld støysonekart for Bane NORs jernbanenett utarbeidd i samsvar med "Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442)". Støysonekarta viser berekna raud (Lden>65dB) og gul (Lden>55dB) støysone.
Støysonekarta er eit viktig grunnlag for kommunal arealplanlegging.

MERK: Dette kjem for bergensbanen om eit par veker. Førebels finn ein støysoner for jernbane på austlandet.

Lufthamn - støysone gir opplysningar om støy i innflyvgingssoner og støy ved bakken iknytt til til flyplassar. Støysonene i dette datasettet støttar seg til Miljøverndepartementet sine retningsliner T-1442.

Veg - støysonekart, Veg - strategistøykart_Iden og Veg - strategistøykart_Inight Støyvarselkartene er et viktig grunnlag for kommunens arealplanlegging, og samtidig en dokumentasjon for anleggseier i forhold til bygninger som oppføres i strid med retningslinjene for arealbruk i støysonene. Støyvarselkart lages også for at utbyggere og publikum skal se hvor støy er et problem og derfor må være tema i nye planer. Det skal alltid gjøres mer nøyaktige støyberegninger dersom det er aktuelt med utbygging av støyømfintlig bebyggelse innenfor støysonene. De strategiske støykartene viser støysituasjonen fra vegtrafikk ved årsskiftet 2016/2017 og brukes ved rapportering til miljømyndighetene. Kartleggingsresultatene er også grunnlag for videre arbeid med handlingsplaner mot støy som revideres hvert 5. år etter forurensningsforskriften §5.

Du finn temaet i fylkesatlas her:
Samferdsel/Støykart/Jernbane - støysoner
Samferdsel/Støykart/Lufthamn - støysone
Samferdsel/Støykart/Veg - støysonekart
Samferdsel/Støykart/Veg - strategistøykart_Iden
Samferdsel/Støykart/Veg - strategistøykart_Inight

Elvemusling med nedbørfelt

Elvemusling førekomst og Nedbørfelt elvemusling viser kjent førekomst av elvemusling i vassdrag i Vestland og nedbørsfelt til desse vassdraga.

Elvemusling er nasjonalt raudlista som trua (VU) og er ein ansvarsart for Norge. Om lag 95 % av bestandane i Europa er utrydda. Ein må derfor ta eit særleg omsyn til arten. Kartet vil vere til hjelp både for privatpersonar og for sakshandsamarar, og er viktig fordi aktivitetar på land lett kan gje uheldig avrenning til bekkar og elvar.

Du finn temaet i fylkesatlas her:
Viktige naturområde og artar/Elvemusling/Elvemusling førekomst
Viktige naturområde og artar/Elvemusling/Nedbørfelt elvemusling

Naturtypar i Noreg - NiN

Naturtypar NiN - Alle, Naturtypar NiN dekningskart, Naturtypar NiN - Svært høg lokalitetskvalitet, Naturtypar NiN - Høg lokalitetskvalitet, Naturtypar NiN - Moderat høg lokalitetskvalitet, Naturtypar NiN - Låg lokalitetskvalitet og Naturtypar NiN - ikkje fullstendig kvalitetsvurdert 

Naturtyper prioritert for kartlegging er rødlistede naturtyper og naturtyper med sentral økosystemfunksjon. Type- og beskrivelsessystemet Natur i Norge er benyttet for å dokumentere det faglige innholdet. Hver lokalitet er gitt en økologisk kvalitet, basert på tilstand og naturmangfold.

NiN naturtypar finnes førebels nokre få plassar i Hordaland, men det vil komme meir etterkvart. No er datasetta delt opp på same måte som i Naturbasen mot tidlegare når dette var samla i eit tema.

Du finn temaet i fylkesatlas her:
Viktige naturområde og artar/Naturtypar/Naturtypar NiN/Naturtypar NiN - Alle
Viktige naturområde og artar/Naturtypar/Naturtypar NiN/Naturtypar NiN - dekningskart
Viktige naturområde og artar/Naturtypar/Naturtypar NiN/Naturtypar NiN - Svært høg lokalitetskvalitet
Viktige naturområde og artar/Naturtypar/Naturtypar NiN/Naturtypar NiN - Høg lokalitetskvalitet
Viktige naturområde og artar/Naturtypar/Naturtypar NiN/Naturtypar NiN - Moderat lokalitetskvalitet
Viktige naturområde og artar/Naturtypar/Naturtypar NiN/Naturtypar NiN - Låg lokalitetskvalitet
Viktige naturområde og artar/Naturtypar/Naturtypar NiN/Naturtypar NiN - ikkje fullstendig kvalitetsvurdert

Publisert 14.02.2020 Sist endra 14.02.2020


Kontaktpersonar

Tone Reinsnos Knutsen
Statsforvaltaren i Vestland

Max Koller
Vestland fylkeskommune

Abebe Girmay Adera
Vestland fylkeskommune

Jo Tore Kristoffersen
Vestland fylkeskommune

Alexander Guldbrandsøy Stadheim
Vestland fylkeskommune

e-post