Facebook | Twitter Skriv ut

Om Fylkesatlas

Fylkesatlas er ei kartteneste frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Hovudmålet for Fylkesatlas er å gje tilgong til ei rekke tematiske geodata frå ulike kjelder.

Her finnes fleire relevante datasett som er inkludert i Det Offentlige Kartgrunnlaget (DOK).

Det er oppretta brukargrensesnitt med fokus på ulike tema.

Rettar og bruk: Rett til bruk av eksterne kartdata i Fylkesatlas er tufta på medlemskap i Norge Digitalt

All ikkje-kommersiell bruk av tenestene i kartportalen er gratis, men det må visast til Fylkesatlas og Norge digitalt. Vi tek atterhald om feil i kart og feil eller manglar i datasett. Karta er ikkje rettsleg bindande, og bruk av tenesta kan ikkje erstatta vanleg saksgang.

Publisert: 04.02.2015 Sist endra: 04.02.2015