Facebook | Twitter Skriv ut

Tips & Triks

Her kjem vi til og presentere nokre tips & triks for deg som skal bruke Fylkesatlas.

Knappane

Når du held musepeikaren over knappene får du opp informasjon om funksjonen til kvar knapp.

 - Legg til ulike kartlag over bakgrunnskart

 

       - Opnar kategoriar med fleire kartlag

 

- Teiknforklaring for aktive kartlag

 

  - Teikne i kartet

 

- Registrer ny brukar eller logg inn.
Du kan bruke Fylkesatlas utan og logge inn, men med innlogging kan du ta vare på det du teikner og tenester og data som du lastar inn sjølv.
  

Søk

Det er ulike typar søk.

Foto: Fylkesatlas

Stadnamn og adresser er standard søk. Byter du til kartinnhald kan du søke på innhald i Fylkesatlas t.d. 'spor etter menneske..'  Lenka til søketreffet som ligg øvst gir treff på t.d. ei nettside, medan namnet t.d. Kulturminne/attraksjonar på tema under gir treff i kartet. For å få vekk søketreff i kartet klikker på 'x'-en på høgre side i søkefeltet.

Zoom

Ved å halde inne shift og dra ut ein firkant i kartet zoomer du deg inn til eit geografisk område. Du kan også bruke skrollehjulet på musa eller knappane nedst til høgre (zoom inn, zoom ut, zoom til startskjerm, zoom til sist kjende posisjon) for å zoome inn og ut.

"klikk-i-kart" info 

Ved enkeltklikk på eit objekt i kartet eller på ein tilfeldig stad så vil du få opp informasjon på det valde objektet/staden. Avhengig av kvar du klikkar så vil du også få opp stad- og/eller matrikkelinformasjon.

Når du er i tabellvisning så fungerer ikkje feature view. 

Tabellvisning

Ved å klikke på tabellsymbolet ved sida av eit temalag i karussellen får du opp ein tabell over alle data som ligg bak det valde temalaget. I tabellvisning kan du sortere, filtrere, få frem skjulte kolonner, og eksportere data til ulike format. Her kan du også teikne eit område i kartet for å få fram dei aktuelle radene i tabellen.

Gå til koordinat

Ved å klikke på koordinatene nedst til høgre og velje eit koordinatsystem får du opp eit vindu der du kan skrive inn koordinatar og zoome deg inn til ønska stad.

Du kan velje:

4326 - WGS 84 Lon/Lat for desimalgrader (feks 66.50445 N 12.02238 Ø)

4326 - WGS 84 DD MM.MMM for grader og desimalminutter (feks 66° 30.267' N 12° 01.343' Ø)

4326 - WGS 84 DD MM SS.S for grader, minutter og sekunder (feks 66° 30' 15.99'' N 12° 01' 20.59'' Ø)

Spørsmål? Innspel? Skriv ein e-post til drift.fylkesatlas@fylkesmannen.no

Publisert: 20.09.2016 Sist endra: 20.09.2016