Frå mjølk til kjøt?

Mange av dei som sluttar med mjølkeproduksjon vurderar omlegging til ammeku. I denne artikkelen set vi fokus på faglige utfordringar ved omlegging.

Nedgangen i mjølkekutalet har ført til ein reduksjon i storfekjøtproduksjonen i Norge. Vi har for tida underskot av storfekjøtt. Ein situasjon som det ser ut for vil vedvare i overskodeleg framtid. Det vil soleis vere rom for ein betydeleg auke i ammekuproduksjonen. Ein auke som hovudsakleg vil komme frå gardsbruk som legg om frå mjølk til kjøtt. Gode resultat krev innsats. Ammekuproduksjon er ikkje ei driftsform som “ går av seg sjølv”. I ammekuproduksjonen er fôrforbruket høgt per kg produsert slakt. Dette krev rimeleg fôr i form av grôvfôr og beite.

Val av driftsopplegg
Her er det to typar driftsopplegg som kan vere aktuelt. Det mest vanlege i ammekuproduksjonen er det vi kallar tradisjonelt opplegg. Då vert alle kalvane fora fram. Oksekalvane til slakt og kvigekalvane til rekruttering til eigen buskap eller til livdyrsalg. Den andre driftsforma er det vi kallar “utradisjonell driftsform". Då vert alle kalvane, bortsett frå dei ein treng til rekruttering, selde ved avvenning. For svært mange Vestlandsbruk vil dette vere den mest aktuelle driftsform og for dei fleste gje best økonomi.

Val av rase/driftsopplegg må vurderast ut i frå ressursgrunnlaget på bruket
Fylgjande tilhøve vil ha betydning for val av opplegg:

  • Fôrgrunnlag
  • Tilgang på beite
  • Driftsbygning
  • Arbeidsinnsats
  • Interesse

Fôrtilgang
Fôrtilgangen bør vere avgjerande for val av driftsopplegg og raseval. Dei lette kjøttferasane er betre egna til ei meir grôvfôbasert fôring enn dei tyngre rasane er.

Beite
Rikeleg med beite vil vere viktig i ammekuproduksjonen. Ammekua kan gjere ein viktig jobb som kulturlandskapspleiar. Dei lette rasane klarer seg godt på utmarksbeite og i ulendt terreng. Dei tyngre rasane stiller større krav til beitekvaliteten for å kunne dekke fôrtrongen.

Driftsbygning
Driftsbygningen bør vurderast med omsyn til kvalitet og kapasitet. Det er mogeleg å finne tenelege løysningar i tradisjonelle mjølkefjøs. Relativt rimelege ombyggingar kan fungere godt. Dersom ein vel utradisjonell ammekuproduksjon vil det ofte vere lettare å få til gode løysingar. Då slepp ein t.d å tenke på oppstalling til slakteoksar. På den måten kan ein utnytte fjøsen optimalt til mordyra. Ein bør ha plass for fødebinge, avlsokse og muligheit for rasjonell inndeling av dyregrupper.

Arbeidsinnsats og interesse
Timeforbruket er lågare i ammekuproduksjonen enn i mjølkeproduksjonen. Men nokre periodar gjennom året er arbeidskrevande som rundt kalving og ved innsett.
Ved å velge utradisjonelt opplegg sparer ein ganske mykje arbeid då ein slepp stell med oksane. Resten av flokken kan gå ute om sommaren. Då vert tid til dyrestell vesentleg redusert. Nett den faktoren trur eg er viktig for mange.

Omdisponering av buskap
Det er viktig å planlegge i god tid før sal av kvote. Skal ein planlegge innkryssing av kjøttfe over tid før kvotesal eller selje alle mjølkekyrene og kjøpe nye mordyr? Kjøp av livdyr vert ofte kostbart. Dersom ein vil drive med reinrase og livdyrsalg er det naudsynt med innkjøp. Er målet ein produksjonsbuskap der sal av slakt er målet, kan ein krysse inn på eksisterande buskap. Ein kombinasjon kan og vere aktuelt.

Ved innkryssing er det viktig å velge kyr med god helse, brukseigenskapar og rett kalvetidspunkt. Å planlegge langsiktig og å starte med innkryssinga i god tid før kvotesal vil for mange være vegen å gå. Då vil ein kansje komme i mangel på reine mjølkekyr i ein periode. Då kan ein kjøpe inn kyr/kviger til mjølkeproduksjonen etter behov.

Når ein inseminerar med kjøttfe er det viktig å ta ein del omsyn for å unngå kalvingsvanskar. På kviger bør ein helst ikkje bruke kjøttfesæd. I alle fall ikkje av tunge rasar, Vær og merksam på at det vert auka drektigheitstid ved bruk av fedre frå dei fleste kjøttferasar. Det kan her dreie seg om ei auka drektigheitstid på i overkant av 7 dagar. I slutten av drektigheitstida veks kalven mykje. For å redusere faren for kalvingsvanskar bør ein ikkje auke fôrstyrken fram mot kalving, slik ein ofte gjer i mjølkeproduksjonen. Ein god regel er at ein tilstrebar stabil fôring og hald frå 7ande drektigheitsmånad og fram til kalving.