Betre finansiering av driftsbygningar for storfe

I Hordaland treng me å fornye mange av driftsbygningane enten ved nybygg eller påbygg. Her er det fleire moglegheiter, og sjølv om lausdriftskravet er utsett er det viktig med fornying av bygningsmassen.

I 2017 er 18 millionar kroner frå Innovasjon Norge øyremerkt til investeringstilskot innan mjølk- og stofekjøtproduksjon.
Hittil i år har det kome inn få søknader om slik støtte, og det er difor gjort nokre endringar i reglane:

• Maksimalt tilskot pr prosjekt er endra frå 1,0 million kr i 2016 til 1,5 million kr i 2017. Dette gjev full uttelling til byggeprosjekt som kostar 5 – 6 millioner kr og oppover.
• Samstundes vil Innovasjon Norge auka tilskotssatsen opp mot 30 %. Dette vil føre til ei betre finansiering også for litt mindre byggeprosjekt.

Det vert ikkje gitt tilskott til reint vedlikehaldsarbeid eller til investeringar i båsfjøs.
Uansett må prosjekta vera lønsame.

Storfeprosjektet i Hordaland arrangerer opplysningsmøter og kan bidrag med vegvalsrådgjeving for dei som går og lurar. Ta gjerne kontakt.

Viser også til artikkel i «Bondevennnen» nr. 7 – 17 .februar 2017